Gjemnes: Storfjellet, Fosnahøgda og Åbakkfjellet (14.07.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Angvika (25m)
Endpoint Angvika (25m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 30min
Distance 15.8km
Vertical meters 910m
Map
Ascents Fosnahøgdin (586m) 14.07.2015
Storfjellet (596m) 14.07.2015
Åbakkfjellet (590m) 14.07.2015

Dagens hovudtur vart desse tre toppane i eit prosjekt. Parkerte ved hovudveien sidan eg har ein bobil, men det går å kjøyre langt oppover. Storfjellet er merka både heilt nede og litt lenger oppe. Der står og eit STIKK UT skilt men trur det er til Turtlihøgda. Uansett, veldig lett å finne fram til Storfjellet, god sti heilt opp. Kasse og bok ved varden. Det såg forferdeleg langt ut til Fosnahøgdin, men det var berre å bryte seg på. Prøvde gå rett på, opp og ned, over fleire myrar og så ei lita kneik til slutt. Kasse og bok her og, men boka var i fullstendig oppløysing. Ho Gerd frå Angvika hadde skrive seg inn to gonger, så ei som hadde gjort eit forsøk og så var det meg. 4 besøk i 2015 då ut frå boka. Samma opplegg nordover igjen til Åbakkfjellet, det såg veldig langt ut, opp og ned over myrar og klissblaute parti. Dagens 3. bok som vart signert. Fulgte ryggen nordaustover til Tomtjønna og under linja ned til veien. Rusla på vei tilbake til bilen i Angvika. Overskya heile dagen, men ikkje nedbør.

Frå Fosnahøgda. Storfjellet til høgre, Åbakkfjellet til venstre. Dryge etappar
Frå Fosnahøgda. Storfjellet til høgre, Åbakkfjellet til venstre. Dryge etappar

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.