Sunndal/Nesset: Stortorbuhøa og Torbusnyta (13.07.2015)
Geschrieben von boven (Ove Lotsberg)
Startpunkt | Aursjøhytta (870m) |
---|---|
Endpunkt | Aursjøhytta (870m) |
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 4h 00min |
Entfernung | 14,7km |
Höhenmeter | 930m |
Karte |
![]() |
Besteigungen | Stortorbuhøa (1.454m) | 13.07.2015 |
---|---|---|
Torbusnyta (1.476m) | 13.07.2015 |
Dagens første utfordring vart bommen på Sunndalssida der betalingsopplegget ikkje fungerte. Det fungerte heller ikkje med å ringe til nummeret som var oppgitt. Det hopa seg opp med bilar bak, og ein kreativ snekker leita fram pipesettet. Vi kom oss forbi, då vi returnerte stod bommen åpen så her må det nok ein eller anna service til.
Vi parkerte på stor parkeringsplass rett før Aursjøhytta. Gjekk gjennom det store masseuttaket og peila oss inn rett mot Stortorbuhøa. Flott temperatur, men skodde som la seg nedpå toppane. Frå Stortorbuhøa gjekk vi på GPS til utos på vatn 1243 og vidare bratt opp rett mot Torbusnyta. På denne toppen stod det ein kjempeflott varde, men ikkje kasse eller bok å sjå. Retur rett sør forbi det lisje vatnet på ca 1450 og bratt ned der. Den markerte ryggen sørover frå toppen er ikkje å anbefale, den såg bratt og vanskeleg ut. Holdt fram i svært lettgått terreng mot bilen. Med vår vanlege flaks kom første regndropane i det vi kom ned i masseuttaket.
Benutzerkommentare