Saulaksla (12.07.2015)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Utitunsstøylen (537m)
Endpoint Utitunsstøylen (535m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 30min
Distance 5.6km
Vertical meters 366m
GPS
Ascents Saulaksla (900m) 12.07.2015

Tur til Saulaksla i dag. Ein topp i Stryn vest som vart peika ut mest på grunn av snøtilhøva på høgareliggande toppar. Men toppen var absolutt verdt eit besøk. God utsikt undervegs og på toppen. Generelt god sti, men greitt å vite kor ein skal gå frå Utitunsstøylen. Vi gjekk på grei sti oppover, men fann ein raskare og betre sti på vegen nedover.

Ved 800 m.o.h. var det eit utsiktspunkt med bok. Tydeleg at det er dette som er målet for dei fleste, då stien tok meir eller mindre slutt her. Men vi skulle til topps!

Her er litt foto frå turen:

Utsikt mot Randabygda, Hopland, Tvinnereim, Nordfjorden, Tistam, Utvik m.m.
Utsikt mot Randabygda, Hopland, Tvinnereim, Nordfjorden, Tistam, Utvik m.m.
Utsikt mot Anda, Sandane lufthamn, Nordfjorden, Gjegnalundsbreen m.m.
Utsikt mot Anda, Sandane lufthamn, Nordfjorden, Gjegnalundsbreen m.m.
Utsikt frå toppen mot Randabygda, Nordfjorden, Tistam, Utvik m.m.
Utsikt frå toppen mot Randabygda, Nordfjorden, Tistam, Utvik m.m.
Utsikt frå toppen mot vest (Nordfjorden, Anda, Gjegnalundsbreen m.m.).
Utsikt frå toppen mot vest (Nordfjorden, Anda, Gjegnalundsbreen m.m.).
Heilt snøfritt var det ikkje her heller. På 850 m.o.h. den 12. juli måtte vi også her krysse nokre snøfenner.
Heilt snøfritt var det ikkje her heller. På 850 m.o.h. den 12. juli måtte vi også her krysse nokre snøfenner.
Godt å kome ned til seters att. Her frå Utitunsstøylen.
Godt å kome ned til seters att. Her frå Utitunsstøylen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.