Fræna: Julskartinden og Urdfjellet (03.07.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Malmedalen turparkering (125m)
Endpoint Malmedalen turparkering (125m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 20min
Distance 15.6km
Vertical meters 1,060m
Map
Ascents Julskartinden (785m) 03.07.2015
Urfjellet (979m) 03.07.2015

Vi hadde overnatta på turparkeringa i Malmedalen. Omtrent i krysset der veien frå Skaret og veien frå tunellen møtest. Ikkje samme enorme varmen i dag som på gårsdagens tur til Skåla. Overskya og ein del vind fungerte fint. Fulgte merka rute mot Galten, som vi ikkje besøkte. Der er det ein av desse STIKK UT-postane. Gjekk heller mot Julskartinden. Stoppa så vidt her før vi gjekk vidare ned i skaret og hadde lunch. Vidare bratt opp mot Urdfjellet, for det meste på ein sti som snirklar seg oppover sida. På Urdfjellet vart det lang pause og Vinjar herja på med steinar og kravla overalt. Etter nøye kartstudie fann vi ut at vi ikkje ville gå samme veien ned. Det var knappe 7 km + 120 høgdemeter opp på Julskartinden igjen. Vi gjekk heller ned til Malmesetra og veien tilbake til bilen. Akkurat i det vi hadde lasta opp og skulle til å gå kom den tjukkaste grautskodda eg har vore ute i og la seg nedpå toppen. Vi måtte leite oss nedover etter sti og merkingar, men kom etterkvart ned til ei slags bu med eit flagg utanfor. Herifrå var det greitt å finne stien. Det vart ein lang veietappe til bilen, men det gjekk radig unna. Nokre minutt etter at vi var komne i hus kom regnet, bøtta ned i enorme mengder. Vi fekk bortimot max utav denne dagen!

God stemning på Urdfjellet
God stemning på Urdfjellet
Vinjar utforskar toppområdet
Vinjar utforskar toppområdet
Så kom skodda
Så kom skodda

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.