Molde: Skåla og Vesleskåla (02.07.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Skålsætra (180m)
Endpoint Skålsætra (180m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 43min
Distance 12.5km
Vertical meters 1,250m
Map
Ascents Skåla (1,127m) 02.07.2015
Vesleskåla (901m) 02.07.2015

Vi overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. Forsette den dårlege veien innover, holete og jæklige (Ein skuleelev og ei traktorskuffe med sand hadde gjort mykje bra her på ein dag). Parkerte ved setra i ein enorm varme. Etter gårsdagens kveldstur på Horga var spent på flugesituasjonen oppi lia, det gjekk overraskande bra pga ein del vind over skoggrensa. Etter ei stund møtte vi 4 lettkledde og lettbeinte damer på vei nedover. Det var 3 søstre Øyre Slind + VM-deltakar i sprint Kari Vikhagen Geitnes. Dei hadde vel ein ok dag på jobb vil eg tru. For meg som brukar mykje tid på skisport om vinteren var dette svært. Utan for mykje pes klokka Vinjar og eg inn på 1 time blank til Vesleskåla. Lise hakk i hæl. Vinden kjøla godt heldigvis. Holdt fram til skaret mot Skåla der vi hadde ein lang matpause og Vinjar styra rundt over steinar og tuer. Vidare bratt opp til Skåla delvis på sti. Fantastisk utsikt i alle retningar, kjempeflott topp! Det vart nok ein lang pause her, fotoøkt og matøkt igjen. Hissa oss opp over forbanna idiotar som kan bære eingongsgrill til topps, men ikkje ta den med heim. Tok med oss grillen, ein tom snusboks og ei drikkeflaske. Retur samme vegen men runda litt rundt på sørsida av Vesleskåla. Ein enorm varme når vi nærma oss setra og vinden avtok. Skal ikkje klage altså, men fyflate! Tenk på dei som frivilleg reiser til syden! Ein kjempeflott tur og topp i Romsdal.

Vesleskåla
Vesleskåla
Frå Vesleskåla mot Skåla
Frå Vesleskåla mot Skåla
Lise og Vinjar ved toppvarden på Skåla
Lise og Vinjar ved toppvarden på Skåla
Far og sønn
Far og sønn
Vinjar og Romsdalshornet
Vinjar og Romsdalshornet
Retur ned mot skaret vi ser Vesleskåla
Retur ned mot skaret vi ser Vesleskåla

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by lyngve 04.07.2015 00:40

    Engangsgriller er noe faenskap. Var det mange som hadde skrive seg inn i boka på toppen? Kanskje kunne syndaren finnast her?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.