Stryn/Luster: Brenibba, Kjenndalskruna og Bødalsfjellet (23.06.2015)  6

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Bødalsseter (585m)
Endpoint Bødalsseter (585m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 11h 40min
Distance 46.1km
Vertical meters 2,220m
Map
Ascents Brenibba (2,017m) 23.06.2015
Bødalsbreen øst for (1,818m) 23.06.2015
Sørøst for Bødalsfjellet (1,855m) 23.06.2015
Jostedalsbreen 1900 (1,900m) 23.06.2015
Kjenndalskruna (1,830m) 23.06.2015
Johan mot Kjenndalskruna
Johan mot Kjenndalskruna

Kven er det muleg å få med på ein spontantur på ein tirsdag, sjølvaste jonsokafta? Kom på eit namn på ein som er litt svak for lange turar til toppar han manglar i samlinga. Om menyen var god nok rekna eg med at han ikkje klarte å takke nei. Ringde til Oppdal og la fram bodskapen. Samtalen forløp omtrent som dette:

"God dag, det er boven. Er du interessert i tur i morgon?
Ei sjelvande stemme svarte: "Jaaaa....Er det nokke spesielt du har tenkt på?"
"Tja kva kan eg friste med....kva med Kjenndalskruna og Bødalsfjellet?"
"Ja, eg skal berre samle saman noke utstyr her so kjeme eg!"

Johan slukte menyen bortimot utan betenkningstid. Møttest på Esso Stryn og kjøyrde ein bil til Bødalsseter. Var framme der seint på kveld. Ein bil stod på parkeringa. Dette var sannsynlegvis 3 stk som var på vei sørover. Vi såg dei frå Kjenndalskruna. Etter teltreising og lett avslapping med leskedrikkar var klokka brått 0130 og vi tok natt.

Vakna 0730 og såg ut teltdøra. Grauttjukke skodde var synet. Vel det er ingen krise, den brukar ofte lette. Kom oss avgarde 0830. Gjekk sommarruta inn dalen og opp langs fossen. I botnen før Brattebakken på ca 750 moh kunne vi ta på oss skia, heilt ideelt. Det hadde letta litt men vi såg enno ingenting av toppane. Knota oss oppover og inn i grauten igjen. Rett før breen begynte sola å varme og plutseleg var vi over skodda. Lettelse i antrekk og første matpause ved brekanten. Kjempefint skiføre innover. Lodalskåpa hadde hatt besøk nyleg, kanskje måndag eller i helga. Brenibba stod ikkje på blokka, men sidan vi var så nær og føret så godt plukka vi den først. Johan var her for 23 år sidan! Gjekk over Breakulen på 1910 meter og glei mot Kjenndalskruna. Nye skoddebankar kom sigande inn frå vest og la seg nedpå toppane. Fekk både sol og skodde på Kjenndalskruna. Såg dei 3 som var på vei over breen som små prikkar mot Høgste Breakulen. Frå Kjenndalskruna og vidare mot Bødalsfjellet 1858 gjekk vi på GPS. Eg først og Johan bak med høgre-venstre beskjedar. Opp mot 1858 kom vi igjen over skodda og sola varma enormt. Stupte ned igjen i skoddehavet og same opplegg mot topp 1819. Medan vi kosa oss i sola der letta skodda igjen på breen og mot Lodalskåpa. Kunne gli heimover med Lodalskåpa rett imot oss i strålande ver. Ved brekanten møtte vi igjen skodda som låg som eit teppe i dalen. Når vi kom nedover mot Bødalsseter var det skoddeyr, vått og trist. Ein flott og variert tur, fint at du er så lett å overtale Johan!

Skodda letta igjen. Kosetur heimover etter siste topp
Skodda letta igjen. Kosetur heimover etter siste topp

User comments

  • -
    avatar

    steike,

    Written by kobbenes 25.06.2015 21:02

    det ser grisefint ut!

  • -
    avatar

    Jostedalsbreen fra Bødalssete

    Written by JoSo 24.06.2015 22:22

    Takk for turinvitasjon Ove :)

    En super jonsok-skitur i lag og avslappende sommerstemning på Lotsberg med koselig gjestfrihet som bonus etter turen :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.