Peak 10 og Crystal Peak (22.06.2015)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Resort Quest Tyra (2,940m)
Endpoint Resort Quest Tyra
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 36min
Distance 18.0km
Vertical meters 1,400m
Map
Ascents Crystal Peak (4,222m) 22.06.2015
Peak 10 (4,150m) 22.06.2015

Ny konferansedag med pause frå 12 til 17. Hoppa i joggeskoa og la i veg oppover dei etterkvart så kjende skibakkane. Målet for dagen var å kome meg litt skikkelig opp i høgda.

Sidan eg var rimelig gåen i går (etter peakbook-bonanzaen på Peak 8,7,6,5) prøvde eg å ta ei litt roligare marsjfart i dag. Det virkar som at den tynne lufta slit litt ekstra på kroppen.

Eg skulle mot Peak 10. Tok same rute som til Peak 9, og var oppe på ryggen under Peak 9 innan rimelig tid. Det var framleis eit stykke til toppen, som ligg litt lenger bak enn Peak 9. Heldigvis kan ein følge ein grusveg ganske langt, og den letta det bratte stykket opp til austryggen av Peak 10 ganske mykje. Deretter var det opp eit snøfelt til toppen, høgda kjendest godt. Toppa ut klokka 14, to timar etter start.

Etter ei banan og litt fjellfies tok eg fatt på sørvest-ryggen i retning av Crystal Peak. Her vart forholda noko knødete, med gjennomslagssnø og ein frisk vind. Det var hakket meir alpint her oppe enn på Peak 9-5.

Det var ikkje så langt ned på bandet, og eg tok freidig til på nordaust-ryggen til Crystal Peak. Her vart eg møtt av same knødete snøforhold. Summa sumarum var eg rimelig tungpusta opp bakkane til Crystal Peak. Men eg skal ikkje klage - eg har jo lenge drømt om å gå på slike fine snødekte ryggar.

Eg toppa ut ca 14:40, og var noko overraska over den korte tidsbruken. Det hadde kjendest ut som ei evigheit. På toppen var det nydelig utsikt, stille og ikkje verst temperatur. Ny banan og litt livsnyting før eg surfa snøfelt tilbake til bandet.

I staden for å gå tilbake over Peak 10 kutta eg svingen og gjekk over sørflanken mot austryggen. Her var forholda direkte kranglevorne: rotne snøfelt og laus ur. Eg trur høgda har gjort meg litt mindre stø på foten, for dette kjendes kronglete.

Vel vel, tilbake på ryggen 15:15. Det verste var tilbakelagt, og eg ruslesprang nøgd over dei alpine lyngheiene ned mot skibakkane. Skibakkane passerte eg med lett jogg, og eg var tilbake til utgangspunktet 16:20ish. På langt nær så sliten som gårsdagen.

Av dei tre turane i Breckenridge seilar denne opp som favoritten då ein kjem seg litt vekk frå skianlegga. Peak 10 og Crystal Peak er begge nydelige toppar med finfin utsikt og fine ryggar til topps.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.