Peak 8,7,6,5 (21.06.2015)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Resort Quest Tyra (2,940m)
Endpoint Resort Quest Tyra (2,940m)
Characteristic Hillwalk
Distance 20.0km
Vertical meters 1,250m
Map
Ascents Peak 6 (3,832m) 21.06.2015
Peak 7 (3,862m) 21.06.2015
Peak 8 (3,958m) 21.06.2015
Peak 5 (3,918m) 21.06.2015 12:00

Ny dag, nye moglegheiter! Dagens konferanseprogram hadde pause frå 12-17, og denne måtte jo brukast til noko nyttig. For eksempel sightseeing i Breckenridge sentrum? På ingen måte. Eg hoppa i joggeskoa og la i veg mot Peak 8.

Det kjendest bedre ut opp bakkane enn i går, men eg tok meg også litt bedre tid. Vegen var rimelig strak: følg skibakkane til topps. USA's høgste skiheis går til toppen av Peak 8. Likevel vart det slitsomt nok på dei opptina snøfelta langs toppryggen.

Klokka 2 stod eg på toppen, og bevilga meg ei banan medan eg såg bortetter ryggen. Konferansen starta ikkje att før klokka 17. Kanskje eg kunne svinge innom Peak 7 på veg ned? Det skulle ikkje ta så lang tid, og med denne tynne lufta er det jo oppoverbakkane som tar tid. Synd å kaste vekk all denne oppovertravinga på berre ein topp.

Men kva av alle desse småknastane langs med ryggen var Peak7? Eg fekk legge iveg og sjå. Eg kunne uansett returnere til dalen via eit skitrekk som nådde ryggen eit stykke lenger nord.

Lett jogg ned bakken frå Peak 8 mot ei breid skulder, og deretter bratt ned til eit band før det gjekk slakt oppover. Nydelig gåterreng. Eg prøvde meg tilogmed på #trailrunning, som er så hipt på fjellet om dagen. Det gikk greit så lenge det var slak nedoverbakke.

I frykt for å gå glipp av Peak 7 var eg oppom alle toppunkt eg fann. Klokka 14:40 stod eg ovanfor den andre skiheisa. Det viste seg at dette var Peak 6. Peak 7 var den breide skuldra eg passerte før bandet.

Etter ei stigning kom eg opp på ein ganske flat del av ryggen, med ei lang rekke topppunkt med begredelig primærfaktor. Det såg nydelig ut lenger bortover, men eg hadde kome dit eg hadde bestemt meg for å snu. Dette viste seg seinare å vere Peak 5.

Klokka var 15:15, og eg byrja å få litt dårlig tid mht. konferansen. Eg prøvde å vere effektiv tilbake til skitrekket på Peak 6, og enda slik opp i hoftehøg slushsnø (lurt å kutte svingen). Det var ein bra transportetappe tilbake, der eg vekselvis sprang og gikk ned skibakkane. Rimelig møre bein etter kvart. Tilbake på condo'en vel halv 5.

Ein rask dusj, så var det tilbake i finskjorta og konferansemodus. Puh... Men artig å slite seg litt ut også då!

User comments

  • -
    avatar

    Kule navn på fjellene..

    Written by arntfla 22.06.2015 21:04

    Men blir det noen 4K?

    • -
      avatar

      Sv: Kule navn på fjellene..

      Written by kobbenes 23.06.2015 00:38

      Ein i forgårs og to i dag ;-) Rapport følger!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.