Telttur på Jøsneset (20.06.2015)

Written by ksevheim

Map
Ascents Gunlanuten (829m) 20.06.2015
Herefjellet (694m) 20.06.2015

Parkerte ved gardane på Foss og fulgte først merking til Håvehammaren og Åsland. Videre frå Åsland på merka traktorveg/sti/terreng retning Herefjellet. Stundom litt uklar merking et stykke her, men vegen sa seg nokså greit sjøl. Brukte vel 2 timar opp til Herefjellet med overnattingsutstyr på ryggen. Skodda kom dessverre sigande like før eg var oppe, så utsikten kan eg ikkje uttala meg om.

Videre på merka sti "Hardhausen" retning Skiftunstølen. Her var merkinga svært god. Ja det var den vel egentlig resten av turen. Brukte ein time ca fram til starten av Gunlanutstien. Først opp skogslia før ein kom opp i ope terreng. Anar meg at dette er ein nydeleg tur, men også her låg skodda tjukk. Gjekk vel ein time før eg slo leir like opp forbi Gunlabu. Då var klokka blitt 22:00 og det smaka godt med real turmat.

Neste morgon hadde klokka konka ut så nokså døgnvill vakna eg og tok fatt på siste stykket opp til Gunlanuten. Brukte ikkje lange tida opp, anslagsvis et kvarter. Framleis låg skodda tjukk, så det eg antar er ei framifrå utsikt kunne ikkje nytast. Venta litt, men si eg hadde planar om å rekkja ei ferge klokka 13:00 så var det bare å komma seg ned att. Tok med meg teltet på vegen og traska i veg. Vel nede i skogslia letta skodda. Fulgte skogsvegen ned att til Foss. Når eg starta bilen var ikkje klokka meir enn 11.45, så eg hadde god tid til ferga. Brukte anslagsvis 2,5 time ned, men det er høgst usikkert.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.