Rindal: Nonsfjellet (18.06.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Kårøyan (285m)
Endpoint Kårøyan (285m)
Characteristic Hike
Duration 2h 04min
Distance 8.5km
Vertical meters 415m
Map
Ascents Nonsfjellet (643m) 18.06.2015
Nonsfjellet. Frå høgste punkt mot den flotte varden.
Nonsfjellet. Frå høgste punkt mot den flotte varden.

Kjøyrde den lange bomvegen til Kårøyan. Kr 40, 10 km. Har vel ikkje lest meg godt nok opp, for her var det til mi store overrasking fastbuande. Snakka med bonden sjølv om litt av kvart. Vi var eininge om mykje, som feks at å reise sørom Otta er heilt meiningslaust. Men står det om liv og helse kunne ein forsvare ein tur til Oslo. Forklarte kva ærend eg var i og diskuterte litt Nonsfjellet. Veret var surt og skodda hang godt nedpå. Pakka godt og tok med nymotens orienteringsverkty. Gjekk gjennom tunet og kom til tidenes skrotsamling. Gamle Scania lastebilar, eit beltegåande vesen som låg på sida, ein enorm betongblandar, fleire store tankar på mangfoldige tusen liter og mykje anna rusta skraml. Minte om ei krigssone ein kan sjå frå fjerne strøk på fjernsyn. Hadde ein ide om å følgje sti mot Tørsetsetra og så ta av der mot Nonsfjellet. Denne stien fann eg aldri. Bestemde meg kjappt for å krysse elva og gå rett på toppen. Dette gjekk finfint. Etterkvart letta det litt og den store varden var lett å sjå. Denne varden var bortimot eit mesterverk, ca 2,70 høg. Litt lenger borte trigpunkt og ein litt mindre varde ved høgste punktet. Hadde god sikt vestover mot dei lave toppane i Nordmarka som vi besøkte nokre dagar tidlegare. Eit veldig stort område! Retur samme veien gjennom krigssona til middag i bilen. 2 toppar gjenstod her, då trengde eg bedre ver. Det kom utpå ettermiddagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.