Halsa/Surnadal: Saksa og Valen (M & R nr 800) (13.06.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Indre Volem (60m)
Endpoint Indre Volem (60m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 53min
Distance 12.4km
Vertical meters 980m
Map
Ascents Saksa (902m) 13.06.2015
Valen (487m) 13.06.2015
Lise og Vinjar på vei til Saksa
Lise og Vinjar på vei til Saksa
Blåfjellet/Saksa 902. Ulike rutevalg
Blåfjellet/Saksa 902. Ulike rutevalg
Feiring av nr 800 i Møre og Romsdal
Feiring av nr 800 i Møre og Romsdal
Valen
Valen

Vi overnatta i bilen på parkeringsplassen til Fjordruta/Jutulbu. Fulgte merka rute mot Jutulbu og Saksa. Først langs traktorvei og deretter på merka rute, lett å finne fram. Passerte skilt mot Valen, denne ruta kom vi tilbake på. Veldig vått i lange myrparti før stigninga verkeleg starta. Litt snø i Fjellskaret og oppover ryggen til Saksa. Eit lett skylag låg nedpå toppen akkurat når vi var der sjølvsagt. Returnerte ned til myrane og tok kortaste veien til Valen. Frå denne fann vi ei blåmerka rute tilbake til stien og skiltet. Denne er ikkje mykje brukt enno, men vil vel bli tydelegare etterkvart. Kjøyrde til Settemsdal og overnatte i ei grushole. Lise plukka Hjelmen medan Vinjar og eg prata med ein lokalkar som hadde kjøpt seg hytte til 10000 kr på ein campingplass. Vart vist rundt og den hytta var jaggu fin til den prisen, eit kupp!

User comments

  • -
    avatar

    Litt av et prosjekt -

    Written by knutsverre 15.06.2015 10:58

    M&R PF > 100, 1154 topper! Men du nærmer deg, Ove. "Bare" 350 igjen! Viljar er kanskje blitt skolegutt får du er i mål (?)!

    • -
      avatar

      Sv: Litt av et prosjekt -

      Written by boven 15.06.2015 21:36

      Han er vel kanskje vaksen då......er vel enno urealistisk å fullføre, det er ikkje eit mål pr i dag iallefall. Men kanskje ein dag om eg er pensjonist og interessa fortsatt til stades. Det er nok siste året med slikt kjør, ser for meg litt anna aktivitetar når guten veks til litt.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.