Aure: Steingeita, Ormsetfjellet, Hisåsen og Teviklia (01.06.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Parkering Rovangen (190m)
Endpoint Tevikbukta (30m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 30min
Distance 17.5km
Vertical meters 1,250m
Map
Ascents Hisåsen (380m) 01.06.2015
Høglia (247m) 01.06.2015
Ormsetfjellet (594m) 01.06.2015
Steingeita (779m) 01.06.2015

Frå Aure sentrum er det merka Parkering Rovangen 6 km. Dette er ved ei skihytte/lysløype med reklame på bygget, Ove Aunli Sport 1 osv osv...(Tankane gjekk til 1985 og VM-stafetten i Seefeld) Her skulle vi få stå i fred lova ein lokalkar eg snakka med. Han forklarte meg kvar vi skulle gå for å komme oss over elva og mot Ormsetsætra. Gå nedover langs elva, over ei bru, rett nedover til venstre igjen, over ny bru og over ei myr til veien. Eg takka og bukka medan gneistar og småstein spruta rundt øyrene mine idet den senka BMWen i 5-serien spann avgarde.

Vinjar (og faren) lurer litt på det trollet i elva
Vinjar (og faren) lurer litt på det trollet i elva

Etter ei god natt i bobilen vakna vi til godt turver, meldingane utover dagen var mykje dårlegare så her gjaldt det å komme seg avgarde. Gjekk slik BMW-karen hadde forklart, kom fram til ei bru før Ormsetsætra der det sat eit troll ved elva. Ja sjølvsagt ikkje eit ekte troll....Rett etter må ein være obs for der startar stien oppover. Det var klissbløtt og vi vassa bekkar og myrar til langt opp mot Steingeita. Signerte som vanleg i boka og returnerte stien nedover. Eg tok av mot Ormsetfjellet medan Lise og Vinjar gjekk til bilen og litt leikeshopping i Aure. Frå Ormsetfjellet bratt ned i Fjellseterdalen, langs vei, opp til Gressetsetra, på skogsvei oppunder Hisåsen. Her vart det bratt krongling opp til eit umarkert toppunkt. Siste topp Høglia vart ein prøvelse for ein som er lite glad i granfelt. Rota rundt i skauen og fann til slutt høgste punkt der det til mi store overrasking var kasse og bok. Signerte i boka på TEVIKLIA. Fulgte sti og etterkvart skogsvei nedover i endelause blaute parti, under kraftlinja og kom ned i Tevikbukta. Der vart eg henta av Lise og Vinjar.

Lise og Vinjar på Steingeita
Lise og Vinjar på Steingeita

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.