Fjerde fylke ferdig og topp 150 nådd (31.05.2015)

Written by bakken59 GSM

Map
Ascents Nordre Stange varde (290m) 31.05.2015
Viktjernhøgda (331m) 31.05.2015

Fekk ingen med meg i dag, men i denne rare maimånaden med annakvar dag med regn og sol, var dette soldagen i helga, og eg drog av garde på eiga hand. Køyrde først til Svarverud, der eg gjekk på sykkelen og sykla langs dei fine vatna innover. Verkeleg nydeleg sykkeltur i skiftande sol og vind. Først drog eg rett fram i vegkrossen etter Kulivatnet, men eg snudde og tok vegen til venstre (mot aust) i staden. Der gjorde eg ei feilvurdering av type som eg har gjort før, for når eg kom opp bakkane og så ein liten stig som gjekk i nokolunde rett retning, parkerte eg sykkelen og skar innover skogen. Hadde for dårleg kartutskirft, men heldigvis gps med meg. Då eg trudde eg var omtrentleg på toppen, viste gps'en at eg var halvvegs. Har problem med å vurdere avstand utifrå kart. Så eg rota meg fram i terrenget, opp og ned, og måtte stendig halde lenger mot aust. Og før siste myra under toppen kom eg inn på blåmerkt stig! Stor lette, og etter fem minutt eller noko sånt, var eg på toppen og kunne klatre opp i tårnet. Eg må seie at det var ein ganske deilig ettermiddag i skogen, stort sett sol, og så ganske mykje vind som susa i furukrunene. Møtte ingen, men såg ein bil med sykkelstativ parkert nede ved Svarverud og tenkte kanskje det kunne vere ein av "oss". Eg følgde merkt stig tilbake, kom inn på vegen eit stykke lenger vest enn der eg hadde parkert sykkelen, og gjekk veg tilbake vestover forbi ei merkeleg campingvognhytte som stod parkert ved vegen og ei lita tjørn. Bilen med sykkelstativ var borte då eg kom tilbake til utgangspunktet. Eg brukte 2 timar og tre minutt og målte 14,7 km inkludert sykkel og fotetappe.
Så køyrde eg vidare til Båstad og Måstadvegen. Fann parkeringa og sykla oppover. Det var ein jamn oppoverbakke! Gjekk av sykkelen oppe ved teletårnet, der eg møtte eit par i bil som skulle fiske. Gjekk raskt langs den stigen som heldt mot høgre/nord, utruleg nydeleg dette Viktjernvatnet! Eg fekk ettermiddags-/kveldssol, og vatnet låg og speilte seg opent og fritt. Gjekk tørr stig rett til toppen, og kunne notere meg for topp 150, og siste i Østfold. Måtte ringje til Anne for å feire litt. Heimturen gjekk raskt, ein lang rennebakke ned til bilen. Eg brukte 1 time akkurat på turen, og den målte 7,4 km. Ingen var med meg i dag. Siste vårdagen i Østfold var vakker også sett frå bilen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.