Veten (29.05.2015)

Written by Sunbump (Tone Solhaug)

Map
Ascents Heidakollen (571m) 29.05.2015
Kyrshovudet (574m) 29.05.2015
Veten (577m) 29.05.2015
Heidakollen, eit perfekt fotopunkt og ein fin plass til å trene litt yoga. Brua er ikkje perfekt, men øving gjer forhåpentligvis mester. :)
Heidakollen, eit perfekt fotopunkt og ein fin plass til å trene litt yoga. Brua er ikkje perfekt, men øving gjer forhåpentligvis mester. :)

På sunnmøre er det framleis mykje snø i fjella. Medan vi venta på at toppane skal bli bare, tok vi oss fredag ein tur over fjorden til Kornbergveten.

Frå ei dyrkamark ved Folkestadsætra startar stien etter ein traktorveg. Det er framleis litt snø her og der, men overraskande tørt og fint.

Stien fylgjer ryggen heile vegen og du har god sikt til Dalsfjorden og fjella her, samt ut mot havet og fjella rundt Ørsta og Volda. På veg mot Kornbergveten (577 moh) er ein innom Heidakollen (570 moh) og Kyrshovudet (573 moh). Heidakollen er eit perfekt fotopunkt.

På Kornbergveten varma sola godt. Her kokte vi oss storfegryte og koste oss med middagen og den flotte utsikta.

Dette er ein tur som passar for turglade i alle aldrar! Turen er slakk, men går ein frå Folkestadsætra er det eit stykke å gå. Her kan ein ta seg god tid, og nyte utsikta. :)

http://www.instagram.com/Sunbump

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.