Poselia og Klokken i Åsnes (23.05.2015)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Jonsokmyra (282m)
Endpoint Søklokksætra (380m)
Characteristic Hike
Distance 6.0km
Vertical meters 240m
Map
Ascents Klokken (498m) 23.05.2015
Poselia (380m) 23.05.2015

Tur til Poselia og Klokken i dag.

Poselia først. Start ved vegkryss 282 m.o.h. nær Jonsokmyra. Gjekk opp ein traktor-/skogsveg før eg nær toppen tok av mot nord og gjekk gjennom eit hogstfelt mot Poselia, der det var ein ganske flott utsikt. Ned att tok eg ein snarveg rett gjennom skogen ned på skogsvegen og mot bilen. Det gjekk fram at det stort sett er hogstfolk og enkelte peakbookarar som nok har hatt mest interesse av å oppsøke toppen.

Klokken etterpå. Køyrde bil bort til Søklokksætra 380 m.o.h., der eg starta og slutta. Knalla gjennom eit hogstfelt og kom inn i Klokken naturreservat. Dette er gammalskog som har fått utvikle seg naturleg i seinare tid. Atskillig finare enn "maskinelle granskogar", som elles er vanleg på Austlandet. Så får ein heller leve med at det ikkje blir hogd for utsiktens del. Folk i området har tydelegvis teke vernereglane på alvor, det såg ikkje ut til at terrenget mot toppen var vesentleg oppsøkt av andre folk.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.