Stølsmaradalstinden ++ Eit rålekkert "taterliv" (14.05.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Tindeveg/Ringsbotn (980m)
Endpoint Tindeveg/Ringsbotn
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 11h 00min
Distance 18.5km
Vertical meters 1,677m
Map
Ascents Austre Ringstinden (2,001m) 14.05.2015
Midtre Ringstinden (2,025m) 14.05.2015
Stølsmaradalstinden (2,026m) 14.05.2015
Stølsmaradalstinden Sørøst (1,993m) 14.05.2015

Etter ein kjempeflott fellestur til Store Ringstind i April er det berre sånn at eg får ikkje ro i sjela, før det som er "tenkt" er på plass!! Såg at Geir Arne mangla ein av toppane, måtte berre legge inn ein søknad på tur så snart godvær og forhold låg til rette. Litt forsinkelsar ved start og ankomst var eit steinras. Ei lykke hadde eg med eit 1/2 min. margin av store steinblokker som stengde heile vegen nede ved Fortun. Ekstra flaks var at mannen i bilen rett framom, var veg og bom ansvarleg for Sognefjellsvegen. I løpet av ein 1/2 time fekk han rydda vegen fri! Eg er berre så glad for at ingen kom under dei svære blokkene. Etter tidenes frukost i det fri og start kl 10.00 var me sikkert 60 stk inkludert hunder i alle varianter på tur opp Ringsbotnen. Det var svært "livleg" i fjellheimen ei stund! Oppe ved Ringskar gjekk vegskillet....det vart ganske så stille og roleg mot Stølsmaradalstinden for oss to einstøingar!

Teltmorgon ved Ringsbotnen
Teltmorgon ved Ringsbotnen
Godt utvalg til frukost....Fint taterliv
Godt utvalg til frukost....Fint taterliv
Lunsj er fortært...
Lunsj er fortært...
Ein mektig flott profil Store Ringstind
Ein mektig flott profil Store Ringstind

Etter å ha beklaga meg opp heile Ringsdalen over forkjøling og tungpust....måtte eg prøve å tenke litt på turfølget mitt og kor vanvittig bra det meste eigentleg er!! Så mitt favoritt ordtak kverna rundt medan eg synest synd i meg sjølv, der eg stampa oppover bratta! "Det er det dårlege som gjere det gode godt" Eg tenker det hjalp... Vi tok sikte på Stølsmaradalstinden først. Der møtte vi ein på fjellski på veg ned og som den første, han var nok også ein "samlar" På toppen var det vindstille, ein svært så fin topp er det med panoramautsikt til Austanbottstindan og den særdeles folksomme Store Ringstind og Storen med meir! Me var dei heldigaste :)

frå Stølsmaradalstinden
frå Stølsmaradalstinden
Folksomt vart det også på Stølsmaradalstinden med etterkvart den svært så kjente seigmannen
Folksomt vart det også på Stølsmaradalstinden med etterkvart den svært så kjente seigmannen
Ein peakbooker og Per Ivar veidal i midten med felles bekjent i Jølster
Ein peakbooker og Per Ivar veidal i midten med felles bekjent i Jølster
Frå Vetle Stølsmaradalstinden 1993 moh
Frå Vetle Stølsmaradalstinden 1993 moh
Frå Vetle Stølsmaradalstinden 1993 moh med flott skue til alltid Majestetiske Austanbottstinden
Frå Vetle Stølsmaradalstinden 1993 moh med flott skue til alltid Majestetiske Austanbottstinden
Energibunt...
Energibunt...
Stølsmaradalstinden 2026 moh
Stølsmaradalstinden 2026 moh

Etter å ha brukt ein del tid på fotografering, kom det fleire til. Geir Arne hadde fått gjort sitt rituale! Då den eine i turfølget utbraut! Det er då han karen med alle seigmennene på toppane.... Plutseleg var vår Geir Arne ein berømt kjendis :)

Stølsmaradalstinden 2026 moh
Stølsmaradalstinden 2026 moh
Bratt opp Austre Ringstind
Bratt opp Austre Ringstind
Ned frå Austre Ringstinden
Foto Geir A.
Ned frå Austre Ringstinden Foto Geir A.
Stølsmaradalsbreen med Midtre og Austre Ringstind
Stølsmaradalsbreen med Midtre og Austre Ringstind

Etter Austre Ringstind var kl begynt å bli sein ettermiddag/kveld og siste topp Midtre Ringstind stod att. Litt fram og tilbake, nattestenging kl 20.00 som Geir Arne skulle rekke og eg burde ha komt meg til Loen der planen var å være med Lise på 1800 moh toppar på Ramnefjellsbreen. Litt fortærande å sette at ein topp. Så vi bestemte oss for å gå den, så gode forhold og heller opp kl 05.00 for å rekke dei andre turmåla neste dag. Kl 19.30 stod vi på toppen av Midtre R og framleis vindstille og ikkje ei sjel å sjå. Siste foto seanse før vi rende ut att Ringsdalen ilag med sola. Kl 21.30 var vi komt til bilane

Frå Midtre Ringstind
Frå Midtre Ringstind
Frå Midtre Ringstind
Frå Midtre Ringstind
Kveldslys på Stølsmaradalstinden 2026 moh
Kveldslys på Stølsmaradalstinden 2026 moh
Siste kvelds signatur frå Ringsskar
Foto Geir A.
Siste kvelds signatur frå Ringsskar Foto Geir A.

Takk for superfin tur Geir Arne på 2000 moh runde

User comments

  • -
    avatar

    Hurrungane på sitt Beste :)

    Written by Eikås 21.05.2015 18:37

    Takk for fine tilbakemeldingar på rapport og bilder :) I så godt vær og forhold er det fantastisk å få oppleve indrefileen av fjellmassivet Hurrungane i Jotunheimen :) Til deg Hannah så må du sette området her på prioritet nr 1. Geir Arne skal ha æra av mange av dei situasjonsbilda som er i rapporten... Kjekt å få være med på tur av og til med ein seigmann kjendis!! Registrerte det samme som deg Ole Petter at heile Turtagrø vart omgjort til ein enorm Basecamp på kort tid og utruleg flott å sjå så mange turglade folk :)

  • -
    avatar

    Knallvær på toppen min jo! :

    Written by Øyvindbr 19.05.2015 15:43

    Nydelige bilder!! Sånn har jeg ikke hatt det på gode gamle Stølsmaradalstind siden 2004. De tre neste gangene ble jo rett og slett bare tull...

    Åååå som jeg savner å være der under samme forhold som dere hadde!! :)

  • -
    avatar

    Nydelig

    Written by mortenh 19.05.2015 11:55

    Nydelige bilder.

    Nydelig dag.

    Holdt på å skrive nydelig fjelljente også, men jeg gjorde det ikke, gjorde jeg vel :)

    Så gøy at det ikke skal mer enn noe så enkelt som seigmenn til for å bli kjendis da :)

    Fortsett med slike fine rapporter!

  • -
    avatar

    Kjendisstatus

    Written by Garm 18.05.2015 21:59

    Den nyvunne kjendisstatusen var ikkje mykje å skryte av. Fant ut eg skulle ta ein tur til Oslo sundagen for å vise at det ikkje hadde gått til hovudet på meg og at eg fortsatt kunne menge meg med den gemene hop. Men det var ikkje EIN EINASTE EIN som bad om autograf. :(

    Mine 15 minutt både kom og gjekk oppe på Stølsmaradalstinden...

  • -
    avatar

    Fine bilder

    Written by Olepetter 17.05.2015 13:58

    fra en flott tur. Det var utrolig mye folk i området rundt Turtagrø den kvelden, og det var satt opp telt nær sagt overalt.

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by hmsv1 17.05.2015 07:04

    For en fantastisk dag i Hurrungane og fine bilder du har lagt ut! Er veldig misunnelig - jeg har fortsatt IKKE ordnet meg en tur til Hurrungane enda. Takk for påminnelse om hvor flott dette området kan bli!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.