Fjella for seg sjølv...Litle og Storebøra ++ (01.05.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Bomstasjon v/Rusta (48m)
Endpoint Bomstasjon v/Rusta (48m)
Characteristic Hike
Duration 3h 54min
Distance 14.3km
Vertical meters 1,235m
GPS
Ascents Litlebøra (708m) 01.05.2015
Storebøra (785m) 01.05.2015
Storehornet (686m) 01.05.2015

Starta frå Jølster ca kl 09.00 og kom til Fiskå rundt 12.30 Eg bestemte meg for å gå på Tunheimshornet først, sidan det var så lågt skydekke og nokre skaplige Nordvestbyger. Håpte på at det gode været som var meldt, skulle slå til på Storebøra turen. Køyrde opp Gamlevegen frå Fiskå mot Rusta og til bommen. Eg valgte å parkere der sidan eg er ein "gneten" Sunnfjording og glad i høgdemeter! Det var ikkje så aller verst valg for opp heile skogsbilvegen la eg ekstra merke til alle dei artige skilta svingane hadde å by på med mykje meir....Hadde med truger for det såg ut til att det låg ein del snø øverst i høgda. Litt opp om støylane rakk eg i snøen, men den var så pass fast at det gjekk fint å fortsette vidare til fots. Det gode været som skulle lure seg inn var ikkje å sjå....heller tett skodde, drev og vind. Under Litlebøra stussa eg ei lita stund på om eg skulle fortsette, men håpet på godværet låg der og gnog! Litlebøra og Storebøra vart å gå etter Gps og ingen spor etter folk å sjå så langt. Frå under Storebøra kom endeleg lysninga som eg hadde håpt på og fekk sett Storhornet. Følgde ryggen under Grøtnipa ned mot Strandavatnet, her låg mange idylliske Støylar. Derifrå med eit brukandes ver, gjekk eg oppom Vardehornet før eg fortsatte siste del opp til Storehornet. Med godværet som kom fekk eg sett alt før eg retunerte ut dalen via Nupen. Der finnast ein godt merka sti ned til skogsbilveg og vidare til sentrum, følgde Gamlevegen tilbake til bil og bom parkering. Hærleg rundtur, men ingen mennesker å sjå, kun i bil. Snakk om å ha fjellheimen for seg sjølv :)
Fint å parkere ved bommen på Rusta
Fint å parkere ved bommen på Rusta
Fint å parkere for dei som betaler turen opp.. Og flott merka i alle retningar
Fint å parkere for dei som betaler turen opp.. Og flott merka i alle retningar
Lite sikt på Litlebøra
Lite sikt på Litlebøra
Lite sikt også på Storebøra
Lite sikt også på Storebøra
Endeleg litt sikt mot neste toppar! Storehornet 685 moh og Vardhornet
Endeleg litt sikt mot neste toppar! Storehornet 685 moh og Vardhornet
Litt rufs på Strandavatnet som ligg mellom Storebøra og Storehornet
Litt rufs på Strandavatnet som ligg mellom Storebøra og Storehornet
Frå Vardehornet og tilbakeblikk mot Storehornet 685 moh
Frå Vardehornet og tilbakeblikk mot Storehornet 685 moh
Frå Vardehornet ned mot Nupen, Fiskå og Tunheimshornet
Frå Vardehornet ned mot Nupen, Fiskå og Tunheimshornet
Frå Storehornet 685 moh og flott sikt til storhavet med blå himmelrand og godværet som var i vente...!!
Frå Storehornet 685 moh og flott sikt til storhavet med blå himmelrand og godværet som var i vente...!!
Frå Storehornet 685 moh eit fint område med spesielle fjell
Frå Storehornet 685 moh eit fint område med spesielle fjell

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.