Surnadal: Romålihøgdin, Steintelfjellet, Telefjellet (06.05.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Heggøya (50m)
Endpoint Heggøya (50m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 05min
Distance 21.9km
Vertical meters 1,530m
Map
Ascents Romålihøgdin (904m) 06.05.2015
Steintelfjellet (1,225m) 06.05.2015
Telefjellet (1,218m) 06.05.2015
Frå Telefjellet mot Rognnebba
Frå Telefjellet mot Rognnebba

Vi hadde nettopp rydda ut og vaska kåken i Todalen, Lise og Vinjar reiste heim. Eg skulle på soloraid nokre dagar som starta med eit kanonver. Valget for tur vart ein rett i nabolaget. Kjøyrde opp Todalen og tok av til venstre ved brua, merka Romådalen. Kjøyrde til eg såg skilt Romådalen igjen og parkerte på god plass der. For første gong i år starta eg i shorts. Gjekk i lette sko med skiskoa i sekken. Først på dårleg vei/sti, så inn på ein veldig god vei, før eg tok av i ein sving på veldig god sti som gjekk rett fram opp langs elva. Kom til slutt inn på veien igjen rett før den slutta. Kjempeflott innover dalen, enorm vassføring i elva. På ca 400 moh ved ei grind gjekk eg bratt opp gjennom lia til eg tok på skia på ca 600. Blaut og råtten snø men snart oppe på kanten og lett til første topp Romålihøgdin. Glei nordaustover og ned til Lauvåvatnet. Opp til Steintelfjellet i heisen temperatur. Frå denne toppen var eg litt spent men fekk knota meg ned ryggen til skaret. Opp ryggen til Telefjellet var det bratt, steinete og lite snø men fann ei rute. Lang pause på siste topp med skue til toppar i alle himmelretningar. Merkeleg å sjå dei store variasjonane i snømengde. På Husbysætra ein meter på flat mark, lenger inne i dalen ikkje ei snøfille. Retur sørover ned ryggen og ned i Litlebotnen, kryssa elva på ca 800 moh og kom meg ned til Husbysætra. Store vassmengder og pillråtten snø. Ut den flate dalen vart det ein liten kamp over sviktande snøbruer og overfløymde myrar. Rusla fornøgd ut den flotte dalen med skia på skuldra etter ein kjempeflott tur.

Husbysætra
Husbysætra

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.