Yosemite 2/2: Half Dome ad Snake Dike (01.05.2015)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point North Pines Campground (1,200m)
Endpoint North Pines Campground (1,200m)
Characteristic Alpine climbing
Duration 15h 00min
Distance 22.0km
Vertical meters 1,500m
Map
Ascents Half Dome (2,963m) 01.05.2015

Forventningar
Kvar var kaffien? Der eg stod midt på golvet på deli’en i Yosemite village slo det meg at noko var feil. Det var ikkje likt meg å ikkje finne kaffien. Royal Arches dagen før hadde nok sparka frå seg sterkare enn eg trudde på energilageret – det var for så vidt greitt nok. Men den underliggande uroa gjekk mot noko anna: eg og Andreas skulle klatre El Capitan om 6 dagar, med overnatting og det heile. Ruta West Face skulle vere mogleg og gjennomføre på 2 døgn. Det var berre det at det var så innmari høgt. Andreas er psykolog med forkjærligheit for eksponeringsterapi, men eg var urolig allikavel.

Eg prøvde å ikkje tenke på dette dei komande dagane. Eg henta Kona som kom med toget tysdag, og vi flytta inn i eit lerretshus i Houskeeping Camp. Dette viste seg å vere ei kummerlig affære som hadde meir til felles med ein flyktningeleir enn med ein campingplass (tykte i det minste vi bortskjemte nordmenn), og første natta vart kald med berre laken og eit tynt ullpledd. Om dagane var det cragging på nydelige korte og moderate ruter. Eg og Andreas prøvde å strømlinjeforme taulagsrutinene for det komande storprosjektet, samt vi prøvde oss på off-with klatring med særs avgrensa hell.

Slangens veg
Før den tid var Solveig og Mari gira på å klatre Halfdome ad Snake Dike. Det var jo ikkje så langt opp dit, sa Kona. Snake Dike skulle uansett vere ein enkel klassikar, og peakbook-entusiasten i meg tykte at det var på tide å kome seg på ein topp! Guide-boka sa: 4t anmarsj, 4t klatring, 4t retur. Lætt! Kl. 6 rusla vi frå campingen.

Eg hadde kjent litt rust i maskineriet då eg stod opp, men sidan eg har eit immunsystem velsmurt som ein nytrimma Mercedes var ikkje dette noko eg tenkte mykje på opp trappene langs dei turistvennlige fossefalla langs Merced River.

Turistvennlig fossefall
Turistvennlig fossefall

Etter 1t45min var vi komne opp på kanten av dalen. Landskapet gikk over til meir fjell-landskap med tørr barskog og busker. Granittsvaa låg bare rundt oss på mange sider. Det er merkelig kor lite vegetasjon det er på granitt.

Domen røyser seg. Vi skal opp i venstre himmelsjå
Domen røyser seg. Vi skal opp i venstre himmelsjå

Vi tok av frå stien og byrja på ”climbers path” til innsteget. Her var det varda, men vardar forsvinn sedvanligvis når ein treng dei mest. Vi gjekk oss på to eldre karar som var i samme ærend, og etter ein del laus og utsatt kliving var vi ved innsteget kl. 10. Der stod det allereie eit taulag. Vi vart bak både desse og seniorane, noko som gav ein del venting.

Kona klatrar kvartsformasjonane til himmelen
Kona klatrar kvartsformasjonane til himmelen

Så skulle ein til pers. Eg leda 4 første lengdene, som var 5.4-klatring avbrote av 5.7-slab. Det som er spesielt med Snake Dike er at det er særs få sikringsmoglegheiter. Det er difor satt inn boltar – med 25 meters mellomrom!! Kva tanken med dette er veit eg ikkje, men det er ei potensiell dødsfelle. Sjølv om klatringa var enkel var det ikkje nødvendigvis så koselig å sjå ned på førre bolt 20 meter nedanfor og tenke på eit potensielt 40-metersfall. Når det er sagt går ruta på ein ekstremt kul plass: sørslab’en av Half Dome med veldig eksponering og nydelig utsikt. Mange av standplassane er hengande, så Kona tykte det vart litt slitsomt i lengda. Ho vart imidlertid oppildna av at når klatringa var ferdig var vi på toppen.

Solveig tar over stafettpinnen
Solveig tar over stafettpinnen

Solveig tok dei siste 4 lengdene, som heldigvis var litt enklare. Vi bandt oss ut i ei stor opning i granitten, som beskytta mot eksponeringa, og Kona fikk sjå at vi slettes ikkje var på toppen. Etter 45 minutt i monoton og seig oppoversva vart vi derimot belønna med ei fantastisk utsikt på Half Dome! Det vart high-fives, sjokkis og skamlaus nyting av utsikta!

Solveig nøgd på toppen
Solveig nøgd på toppen
High Sierras i bakgrunnen
High Sierras i bakgrunnen

Klokka var no over 5, så vi var seriøst bak skjema (som vanlig). Vi gikk Cable Route ned frå domen (nok ei potensiell dødsfelle, denne er jo dritbratt! Korleis kan vanlige smultringamerikanarar i det heile tenke på å rusle opp her?) og byrja på den lange vegen 8 miles tilbake til dalen. Solveig sprang i forvegen. Kona hadde vorte litt psykisk nedbrutt av hengande standplassar og indre bilete av meg som tryna på runout-klatringa. Ho hadde også hatt problemer natta før med ein vaskebjørn som prøvde å bryte seg inn i camel-backen hennar. Sjølv om eg argumenterte for at vaskebjørnar er veldig søte så hadde ho altså tatt dette litt ille opp. Summa summarum vi tok det litt meir bedagelig ned bakkane. Det var nydelig kveldssol i dei flotte, opne skogane ned fjellsida frå Halfdome.

Vi gikk og gikk og gikk og gikk, og eg måtte sjølv innrømme at det vart ganske tungt etter kvart. Forma hadde vore litt rar heile dagen, og eg byrja lure på kva som var i gjære. Hadde Mersja fått ei skramme? Vi sjangla oss inn i leiren kvart over 9 etter ein knalltur! Takk for turen, Mari og Solveig!

Ned Cable Route. Bratt her også, gitt
Ned Cable Route. Bratt her også, gitt
Ruta vår sett frå Glacier Point
Ruta vår sett frå Glacier Point

Yosemite sett frå senga.
Dagen etter vakna eg med feber og muskelverk. Noko var heilt klart på gang. Eg kjende meg generelt elendig, med ei stikkande hoste i brystet. Neste natt pakka eg meg inn i alt ullundertøyet eg hadde med, og då søndagen opprann var eg like sjaber. Kona, Solveig, Andreas og Jens spurta opp den eine lekre rissruta etter den andre. Andreas persa på trad med ei 5.10b-rute som hadde mitt namn skrive over heile seg, Mari lærte seg både finger og hand-jamming, og eg tenkte at det eg hadde minst lyst til akkurat no var å klatre. I morgon skulle vi klatre El Capitan. Andreas såg på meg med bekymra blikk.

Kvelden kom og eg var ikkje noko betre. Vi måtte avlyse ElCap-turen. Sure greier. Mandag morgon kom og eg kunne framleis ikkje sjå på ein stein utan å få fantomsmerter i albogane. Kanskje ein kortare tur i morgon då? Nei, det gikk liksom ikkje over dette. Heile mandag låg eg til sengs med feber. Kona kom att frå crag’et der ho hadde gått overhengande fist-jams. Sukk… Dagen etter vakna ho med feber og hoste. Slik er livet i flyktningeleiren. Andreas byrja å sjå at storveggsplanane nok gikk fløyten, så han tok med seg taustigane og gikk soloaidtur opp ei sprekk ved Royal Arches. Eg og Kona tok oss ein køyretur og såg på veldig store tre (Giant Seqoias), og ein svipp oppom Glacier Point. Då vi kom tilbake til dalen var Andreas storfornøgd og prata i det vide og det breide om at ruta hadde kommunisert med han.

Dagen etter køyrde vi raskt forbi El Cap på veg til San Fransisco utan å tenke alt for mykje på det som ikkje hadde blitt noko av. Det vart ein lang køyretur med feber og naseblod. Og San Fransisco som har så kald trekk!

Vel vel, ting blir ikkje alltid som ein planlegg. Det som er sikkert er at man har unfinished business i Yosemite!

17. mai 2015: Dean Potter (1972-2015) til minne.
Lite visste eg då eg skreiv denne rapporten at berre få dagar skilde oss frå legendariske klatrar og basehoppar Dean Potter sine siste bragder. Søndag 3. Mai, to dagar etter at vi gjekk Snake dike, sette Dean Potter rekord med tur-retur Yosemite Valley-SnakeDike-HalfDome-Yosemite Valley med tida 2:17. 16. mai gjennomførte han eit basehopp, antatt frå Glacier Point der vi tok bileta av Half Dome. Dean Potter omkom i dette hoppet. Eg har tenkt at Dean Potter er ein av desse som gjorde imponerande bragder gjennom å ta store risikoar. Men ingen som held på med bratt friluftsliv er immun mot uhell og feilvurderingar, heller ikkje meg sjølv. Dette er nok ein påminnar om det. Det viktigaste er å kome ned. Det nest viktigaste er å kome opp.

Hva tænker han paa mon tro, om ikke de chimneys, cracks och diædre der vænter mæd dristige opplævelser bak handes ryg? Eller tenker han heller på is, cola og ein varm dusj? Adiø for denne gong, Yosemite!
Hva tænker han paa mon tro, om ikke de chimneys, cracks och diædre der vænter mæd dristige opplævelser bak handes ryg? Eller tenker han heller på is, cola og ein varm dusj? Adiø for denne gong, Yosemite!

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by kaihogyo 09.05.2015 21:11

    Det virker som en herlig tur!

    Du fikk ikke med deg at Dean Potter fløy av gårde og slo noen rekorder over domen nylig? Mener det var en uke eller to siden. Tok hele runden på 2:17:52.

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 10.05.2015 01:27

      Dean Potter spurta gjennom ruta to dagar etter oss. Håper han fann solbrillene mine! :-)

  • -
    avatar

    Herlig!

    Written by SturlaS 08.05.2015 09:16

    Fantastiske rapporter fra et utrolig spennende område! Tikneppen og Korsvika blir liksom ikke det samme etter noe døgn i Yosemite..

    Kjipt med sykdom men fjellene står til neste år også. Det hadde vært værre om utbruddet kom etter ei natt på portaledge'en tusen meter til værs.

    • -
      avatar

      Sv: Herlig!

      Written by kobbenes 08.05.2015 19:27

      Takk for kommentar, Sturla! Hyggelig!

      Ja dette er virkelig eit spesielt område. Ingen tvil om at influenza 1000 m til værs hadde vore ein lite hyggelig opplevelse nei :-)

      Trad-klatring er heldigvis ikkje noko ein veks frå med det første, så man får ta turen tilbake :-D

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Herlig!

        Written by kobbenes 08.05.2015 19:40
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Herlig!

          Written by SturlaS 09.05.2015 08:17
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.