Surnadal/Halsa: Hjelmen -> Holtakammen (04.05.2015)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Bele (50m)
Endpunkt Holten (40m)
Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 7h 54min
Entfernung 30,0km
Höhenmeter 2.535m
Karte
Besteigungen Hjelmen (977m) 04.05.2015
Hjelmkona (849m) 04.05.2015
Holtakammen (560m) 04.05.2015
Høystakken (641m) 04.05.2015
Middagsfjellet (673m) 04.05.2015
Saufjellet (802m) 04.05.2015
Skarven (649m) 04.05.2015
Frå Saufjellet mot Hjelmkona og Hjelmen
Frå Saufjellet mot Hjelmkona og Hjelmen

Sørsida av Hjelmen er ei snørik side som viser lang veg. Lenger austover mot Tverrlihytta minkar det på snøen. Registrerer denne som fjellskitur, men faktum er at ca ei mil gjekk eg til fots med skia på sekken. Hadde tatt med tørre sokkar og fjellsko.

Kjøyrde til Bele og parkerte ved kraftverket, hadde avtale med eigaren som vi besøkte for eit par dagar sidan. Gjekk oppover kraftgata og tok på skia før eg bikka kanten til vatnet. Godt med snø rundt vatnet og opp til Hjelmen. Snøscooterspor alle plassar inni brattaste henga. Den enorme vinden som var meldt i dag merka eg godt på Hjelmen og Hjelmkona. Seinare stilna det av og vart rett så koseleg. Topp nr 3 vart Saufjellet, nr 4 Høystakken. Glei ned på myra sør for Tverrlihytta. Her bytta eg til fjellsko og tok skia på sekken resten av turen. Satte igjen utstyret under Middagsfjellet og nord for Skarven. Siste topp vart Holtakammen, her tok eg med alt utstyret over og gjekk sørover ned ryggen. Kom inn på traktorvei på ca 200 moh som eg fulgte til Holten. Der venta Lise og Vinjar som skyssa meg til Bele for å hente bilen. Ein dryg tur med mykje opp og ned.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Surnadal ++

    Geschrieben von BjørnF 08.05.2015 08:27

    Hei, ser du har vært flittig på tur i området, med turer av ymse slag. Har vært lite på peakbook nå derfor oppdaga jeg det ikke tidligere at du var her. Du har vel reist hjem nå. Men kommer du tilbake kunne det vært trivelig å treffes hvis du trenger en hviledag.Har ikke vært aktiv i vinter,syk, det har blitt med rolige turer til Løålikjølen (ikke spesielt tøff tur) bare for å være ute.

  • -
    avatar

    Kjedeleg

    Geschrieben von Garm 04.05.2015 22:01

    Reknar med Hjelmen var ein kjedeleg og intetsigande haug som eg kan være likeglad med at eg ikkje fekk med under Todalshelga? :)

    • -
      avatar

      Kremtoppen Holtakammen

      Geschrieben von boven 04.05.2015 22:07

      Hjelmen var ikkje så hakkande gale den. Holtakammen var no litt i andre enden av skalaen men ikkje det værste eg har vore på.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.