Surnadal: Slettfjellet Kufjellet Langøyfjellet Seterfjellet (25.04.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Vindøldalen (300m)
Endpoint Vindøldalen (300m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 49min
Distance 24.4km
Vertical meters 1,560m
Map
Ascents Kufjellet (1,004m) 25.04.2015
Langøyfjellet (922m) 25.04.2015
Seterfjellet (1,087m) 25.04.2015
Slettfjellet (735m) 25.04.2015
Mot Pekhøtta og Blånebba. Siste bakkane mot Seterfjellet.
Mot Pekhøtta og Blånebba. Siste bakkane mot Seterfjellet.

Parkerte ved hengebrua i Vindøldalen ca 300 moh. To bilar for anledningen sidan Lise og Vinjar skulle returnere før meg og Geir Arne. Lise la hardt ut med pulken, avtalen var at eg og Geir Arne skulle ta ho igjen oppi lia, noko som sjølvsagt aldri hendte. Vi gjekk først mot Slettfjellet og plukka den. Eit blikk over Kudalen mot Kufjellet kunne bekrefte at Lise hadde samme høgde som oss og meget god framdrift. Glei ned i Kudalen og gjekk kortaste veien mot Kufjellet. Der møtte vi Lise og Vinjar. God stemning og toppers ver. Meteorologane hadde meldt regn heile dagen, ubegripeleg at ein kan bomme så saftig. Etter mat og foto skilde vi lag. Geir Arne og eg gjekk mot Langøyfjellet. Der møtte vi utflytta surnadaling og no hytteeigar i Vindøldalen, Stig Wigum. Han hadde litt av kvart å fortelje så her vart det ein skikkeleg rast. Kasse og bok på denne ubetydelege toppen. Reiv av fellene nok ein gang og holdt fram sørover mot Seterfjellet. Runda i skaret mot Indre Fauskånebba og opp til topps. Feiring med goodies både etande og drikkande. Fekk fin nedkjøyring i nordaustvend side mot Vindøldalen. Meget snodig å sjå at lengst inne i dalen var det ikkje ein snøflekk, medan lenger ute i dalen var det store mengder. Frå 600 moh brukte vi dei 300 siste høgdemeterane på vestsida av dalen til å komme oss tilbake til hengebrua.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.