Surnadal: Løålikjølen (17.04.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Parkering Løålikjølen (270m)
Endpoint Parkering Løålikjølen (270m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 2h 19min
Distance 10.6km
Vertical meters 225m
Map
Ascents Løålikjølen (433m) 17.04.2015
Løålikjølen
Løålikjølen

Parkerte åleine på parkeringsplassen der den staka ruta til Løålikjølen startar. Svært varierande ver, byger og sol om einannan. Siste nysnøen var klissblaut, men lett å gå innover i det slake terrenget. Plaststenger markerer ruta heilt til topps. Det er vanlegvis oppkjøyrte spor her, etter påske har vel dette ikkje blitt prioritert. Kort pause på toppen. Det står ei grillhytte nokre meter vest for toppunktet. Denne skal være åpen men sidan veret akkurat no var finfint la vi i veg tilbake. På retur møtte vi 80 år gamle Styrkår Brørs på treningstur. Han vann 80-84 års klassa under årets Birkebeinerenn. Ein skikkeleg spreking som ikkje hadde tenkt avslutte skisesongen enno nei. Tilbake ved bilen vart det lunch før vi starta på Garthøglia vestover frå skistadion.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.