Sunndal/Surnadal: Bollknubb2 (17.04.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Todalen parkering ca 250 (250m)
Endpoint Todalen parkering ca 250 (250m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 2h 00min
Distance 10.5km
Vertical meters 700m
Map
Ascents Bollknubben (949m) 17.04.2015
Snøfjellet til venstre, Bollknubben til høgre
Snøfjellet til venstre, Bollknubben til høgre

Etter 2 pulkturar på Løålikjølen og Garthøglia var dagen forsåvidt grei. Grisever i Surnadal, men når vi kom innover mot Todalen lyste Bollknubben fint mot oss i greit ver. Det er 2 Bollknubbar, den andre kan ein gå frå Nordvikstranda. Kom til Todalen ca 1730 og etter rask ompakking la eg ut på solotur. Kjøyrde retning Kårvatn, forbi Ørsal og tok av på svært god skogsbilvei ved samfunnshuset. Denne er kjøyrbar til ca 250 moh. Stor parkeringsplass. Holdt fram på ein dårleg traktorvei nokre hundre meter til før eg svinga sørover. Peisa på oppover i eit brukbart tempo. Tung sugande snø i gå i. Gjekk langs ein lang morenerygg, pause og kartstudier på ca 700 m. Peila meg inn på ryggen. Eit lite bratt parti før det flata ut. Her var snøen tørr, noko som sjølvsagt resulterte i eit legendarisk klabbeføre. Hadde heldigvis fjellski med kortfeller så det merkast ikkje så veldig. Fann lett høgaste punkt, gps viste ca 950 moh. Ein stein på høgkant med ei trefjøl surra fast. To bokstavar på fjøla, sikkert eit eller anna poengsystem. 1.20 viste klokka. Banan og nøtter + ein halvliter vatn. Nedkjøyringa med fjellski... ja ikkje så glad i dei skia no. Tilbake ved bilen viste klokka akkurat 2 timar. No var det iallefall kveld!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.