Dyrhaugstindane + Nørdre og Nest Nørdre Midtmaradalstindane (15.08.2013)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Ringsbotnen v/Tindeveg (1,020m)
Endpoint Ringsbotnen v/Tindeveg
Characteristic Hike
Duration 11h 00min
Map
Ascents Midtre Dyrhaugstinden Nord (2,135m) 15.08.2013
Midtre Dyrhaugstinden Sør (2,134m) 15.08.2013
Store Dyrhaugstinden (2,147m) 15.08.2013
Søre Dyrhaugstinden (2,072m) 15.08.2013
Nestnørdre Midtmaradalstinden (2,062m) 15.08.2013
Nørdre Midtmaradalstinden (2,025m) 15.08.2013
Nørdre Dyrhaugstinden (2,121m) 15.08.2013

Etter turen på Storen med retur tilbake via Søre Dyrhaugstinden den 20/7-13 Vart det satt att to toppar, Nørdre og Nest Nørdre Midtmaradalstind. Det er alltid litt "gnag" i sjela å måtte sette att noko...så ved første anledning og godvær bestemte eg meg for å reise inn att for å nå dei! Tenkte også att det var ei fin trening til Skåla løpet på lørdagen den 17.08. I ettertid tenker eg at det kanskje ikkje var den beste oppladinga til løpet, men eg hadde allikavel ein fantastisk fjelldag og det var det verdt :) Kom inn kvelden før og bestemte meg for å sove i bilen, ikkje så mange andre på parkeringa/teltplass ved Ringsbotnen enn ein vennegjeng på 4 karar frå Sandefjord. Dei hadde tenkt å gå Dyrhaugsryggen og hadde starta grytidleg neste dag, etter sein kveld og litt dårleg soving i bilen, vakna eg omsider ca kl 09.00 Det vart noko stress med den frukosten som eg hadde store planer for...kaffikos i hvert fall ein 1/2 time! Droppa den og tenkte kaffi på Turtagrø etter turen... Med lett pakka sekk bar det oppover i eit strålande ver, rakk att vennegjengen på første topp. Det vart felles matpause og prat, ikkje alle var like høgdesterke så nokon av dei valgte å snu. To av dei andre ville slå følge til Midtmaradalstindane og det vart ein kjempetriveleg tur vidare over ryggen til dagens hovedmål.
Kaffi på Turtagrø vart droppa, suste heimatt godt fornøgd med dagens fjell liv. Vennegjengen fekk med seg dagen etter ein svært våt tur på Soleibotntind!

Vennegjeng frå Sandefjord
Vennegjeng frå Sandefjord
Trond G, Roar F og meg på siste toppmål N. Midtmaradalstinden
Trond G, Roar F og meg på siste toppmål N. Midtmaradalstinden
Mot fine Dyrhaugsryggen
Mot fine Dyrhaugsryggen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.