Med Årdal Gålag på Kamben (15.04.2015)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Duration 1h 19min
Distance 2.4km
Vertical meters 178m
GPS
Ascents Kamben (247m) 15.04.2015

Med Årdal Gålag til Moakamben.

Fyrste sommarturen gjekk av stabelen i ruskever med heile 44 deltakarar. Folk er tydeleg vis gira på å koma i gang.

Me starta på den store parkeringsplassen rett under Moa.
Mange alternative vegar fører til toppen av Kamben, men Turleiar Gunnvor Nordås hadde på førehand funne eit alternativ utan for mange bratte og glatte kneikar. Fyrste delen gjekk på "Utladalssida". Midt oppe i bakkane kryssa me over til Moa-sida og følgde den vegen heilt opp.

Kamben er eit lett tilgjengeleg turmål og dei som bur i Øvre Årdal treng ikkje eingong setta seg i bil for å nå målet.
Alternativt kan ein starta ved brua som kryssar Utla ved Olmennhagen og gå dei knapt 200 trappetrina opp på Ytre-Moaplatået.
Ein kan og starta frå Lykkja litt lengre framme i Utladalen.

Flott utsikt er det og når ein kjem heilt fram på kanten av kamben.

På returen gjorde Ivar og eg runden om høgaste punktet. Dette er vel den enklast tilgjengelege Pf100 toppen i Årdal kommune.

Alle kom velberga nedatt og nista vart fortært i regnver på Ytre Moa ved vikingetuftene.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.