Leirvågfjellet i Fana (11.04.2015)

Written by Olemann1954 (Ole Lauvskar)

Map
Ascents Leirvågfjellet i Fana (153m) 11.04.2015

Eg kjørte utover mot Korsneset og parkerte på parkeringsplassen der ein skogsveg går nordover i retning Fanafjorden. Eg gjekk denne skogsvegen, men eg hadde ikkje gått så langt før eg merka herjingane etter vinterstormane. Det merka eg forresten alt før eg kom til parkeringa også, men der hadde vegen vorte rydda. Skogsvegen var på langt nær ferdig rydda og til slutt gjekk det ikkje an å gå over eller under dei falne grantrea og framleis vera på skogsvegen. Men det gjekk an å gå utanom vegen mellom mange andre falne grantre.

Rett etter granfeltet tok eg av til høgre, då var eg nesten rett vest for Leirvågfjellet. Derifrå gjekk eg oppover ein relativ bratt bakke der braken heldigvis ikkje var altfor tett. Etterkvart vart det litt flatare. Eg gjekk forbi fjellet til eg var om lag 120 meter nord for det. Då tok eg ein 180 gradars sving opp til høgre og begynte å gå i retning toppen. Og då hadde eg funne ein til tider utydeleg sti, men som likevel var ganske grei å følgja heilt til toppen.

Eg følgte stien heile vegen på returen, stien vart ganske bratt på slutten. Eg kom ned att på skogsvegen rett til høgre for toppen av skogsvegen, det vil seia rett etter at skogsvegen begynner å gå ned mot sjøen og Fanafjorden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.