Påskeskitur til Stølsnøse (31.03.2015)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Duration 2h 20min
Distance 6.3km
Vertical meters 326m
GPS
Ascents Stølsnøse (1,404m) 31.03.2015

Stølsnøse, flott utsiktspunkt ved Tyin/Tyinkrysset

Turen starta frå Fv53 der gamle skiheisen ved Tyin Hotell stod. Dette er ein lett fin tur til eit fantastisk utsiktspunkt. Strålande ver og føre gjorde turen opp til Galdstjernet til ein leik.
Oppe på tjernet (1173), reiser Stølsnøset seg majestetisk rett framfor oss. Me skil lag med løypa som går mot Sletningsbu, via Gullringen og nedre Årdalsvatnet og kryssar tvers over tjernet i sør-vestleg retning. Opp bakkane vart det sikk-sakkgåing. Her er det ferske spor etter breide ski i lange slake svingar og me er allereide no byrja å gleda oss til returen.

Vel oppe på ryggen flatar det noko ut og me legg kursen sør-austover. Det er masse spor etter hare og rev alle stader, men me lukkast ikkje å sjå nokre av desse flotte skapningane. Me stoppar opp og speidar etter andre folk kringom i løypene samstundes med inntak av litt frukt. Ikkje så mange å sjå på ein så flott dag i påsken.
Snart hadde me varden på høgaste punktet i sikte.
Etter knapt ein og ein halv time var me framme ved målet.

Oppe ved varden er det fri utsikt mot Filefjell, nedover Valdres, Tyinvatnet og langt vestover til Søreknipen og kjende årdalsfjell.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.