Lenge planlagt - fint gjennomført (28.03.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Distance 20.0km
Map
Ascents Sørøst for Blåkampen (1,646m) 28.03.2015

Påska starta med besøk på hytta til Finn på Vaset, og besøket var planlagt med kommunetoppen som viktigaste program. Vakna til sol, blå himmel, vindstille og 5 minus. Køyrde til Buaråne og parkerte. Følgde skutespor over vatnet og rundt til Bukono-stølen. Litt lenger fram tok vi av oppover i bjørkeskogen. Opent lende, 5-10 cm nysnø, pussig nok tendensar til klabbing. Vi gjekk opp til den første varden og følgde vardane vidare til Gråkampen. Då hadde vêret endra seg, og vi hadde ganske kraftig vind. Heldt fram til toppunktet, måtte ta på meir klede, fint å vere oppe. Den nye kassa med ny bok mangla framleis penn, det burde vi ha tenkt på etter å ha lese Ole Petter sin rapport. No svært kraftig vind, hunden bles nesten av toppen. Prøvde å raste inne i vindsekk eit stykke nede, blanda suksess, kaldt, vill blafring i duken og orka ikkje å gjere ferdig måltidet. Krevjande nedkøyring i flatt lys med fokk og hard skare om kvarandre. Stykket i bjørkeskogen var fabelaktig, passe mykje laussnø, passe bratt og passe mykje vegetasjon. Vi brukte ca 5 timar, og på grunnlag av Ole Petters rapport trur vi at vi har gått ca 20 km. Finn, Tom og Uncas var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.