Surnadal: Ytre Sula, Indre Sula (25.03.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Røssåa bru (20m)
Endpoint Røssåa bru (20m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 00min
Distance 14.2km
Vertical meters 1,470m
Map
Ascents Indre Sula (1,326m) 25.03.2015
Ytre Sula (1,318m) 25.03.2015
Lekker dag på Indre Sula. Her med utsikt vestover til Ytre Sula
Lekker dag på Indre Sula. Her med utsikt vestover til Ytre Sula

Endeleg var vi i gang med dette eventyrprosjektet. Eg hadde fedrekvoten + 8 veker sommarferie, Lise tok ut ulønna permisjon. Bubil var innkjøpt i 2014 og leilighet i Todalen halvanna månad i orden. Kjøyrde 2 bilar oppover for mest mulig fleksibilitet. Kom til Todalen og kom oss i orden i leiligheita. Første tur vart for meg til Sula dagen etter. Fantastisk å starte i eit heilt nytt område med berre nye toppar i alle retningar!

Starta usedvanleg tidleg, 0715 frå brua over Røssåa ved Todalshaugen. Tross gode anbefalingar frå diverse kjentfolk om å gå frå Nordvikstranda ville eg absolutt prøve den ruta eg sjølv hadde blinka meg ut. Labba 200 høgdemeter oppover den veldig gode veien som er bygd i forbindelse med kraftutbygginga. Kunne kjøyrt bil opp her, bommen stod åpen og. Tok av til venstre mot Todalshaugsætra. Pga snøfallen i går kunne eg ta på meg skia her, hengde ifrå meg stilongsen i ei buske. Passerte sætra og peila meg inn på vestsida av 1102-knollen. Gjekk først på den vestlegaste toppen. Glei rett austover frå denne mot skaret. Hadde sett ei stund på ryggen til Indre Sula. Siste meterane såg ikkje enkle ut som det som ofte gjer på litt avstand. Kom opp til det brattaste partiet som såg svært vanskeleg ut. Sommarruta som er merka går i nordsida. Denne var no dekka av ein bratt snøflanke. Valgte på leite fram stegjerna og isøksa. Traverserte snøflanken med konsentrasjonen på topp. Etter dette nokre enkle meter til toppen. Klokka viste no 1100. Retur samme vei, men gjekk no frå skaret sida søraust for Ytre Sula og kom inn på ruta eg tok opp. Flott skikjøyring nedover til sætra. Tilbake ved bilen etter nøyaktig fem timar kl 1215. Handelsmann og borgermester i Todalen kunne seinare på dag bekrefte at signaturen var observert! Resten av dagen vart brukt til blant anna lang trilletur i Todalen med Vinjar. Lise tok laust på ein tur på andre sida av dalen. Planen var at ho skulle gå same turen som meg, men pga snøflanken i nordsida utsette ho denne til ein anna gong.

User comments

  • -
    avatar

    Det såg flott ut :)

    Written by Eikås 25.03.2015 21:39

    Den har eg sett på...Du får du helse Lise å seia at den tek vi ilag ;) :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.