Mælefjell (21.03.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Distance 21.0km
Vertical meters 1,220m
Map
Ascents Mælefjell (1,413m) 21.03.2015

Har drøymt om denne lenge. I dag hadde vil kuldegrader, strålande sol, skare under og nysnø frå i går. Noko vind var meldt, men det løya utover dagen. Vi køyrde til Natadal og kosta på gjennom open bom. Men eit lite stykke oppi der låg ei gran tvers over vegen, så bilen blei parkert ved bommen. (Det var bra, for då vi kom tilbake, var bommen låst.) vi gjekk og bar skia langs vegen heilt til Juvet, det er der vegen kryssar bekken og svingar opp mot aust i lia over bekken. Så gjekk vi med fellar oppover til Mælstaul. Nydeleg plass. Meir og meir nysnø frå dagen før, og frå staulen og opp Tjønnskar var det kanskje 10 cm tørr nysnø. Vi gjekk skaret opp til vi såg Rusttjønnan. Møtte ei lokalkjend dame med hund, som sa at dette skaret er rasfarleg under andre forhold, men ikkje no når det er ganske lite snø og skaren er så knallhard rett under nysnøen. Det var heilt lunt frampå skaret og til høgre, og vi hadde ein liten rast der. Så gjekk vi opp Rjupedalen og vidare i spora til den lokalkjende. Vi kom opp til varden etter knappe fire timar, og rasta der i ly for vinden framfor varden. Rasta saman med den spreke dama frå Flatdal som har dette som fast tur når forholda er gode. I dag var dei rett og slett fabelaktige. Over 1100 m var det skare og tørr fokksnø. Ikkje ei sky, mindre og mindre vind og utruleg nydeleg landskap og snøformasjonar. Torunn og Tom og Uncas var med. 21 km. 1040 hm i differanse frå startpunktet, men over 1200 totalt sett. Ikkje rart vi var litt møre då vi kom til bilen. Brukte 6 timar og 45 minutt inkludert to fine matpausar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.