Søndagstur i Reinheimen og Legevakta i Førde.... (15.03.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 10min
Distance 28.1km
Vertical meters 1,588m
GPS
Ascents Sandåtinden (1,931m) 15.03.2015
Skridulaupen Midtre (1,925m) 15.03.2015
Skridulaupen (1,962m) 15.03.2015
Skridulaupen Øst (1,949m) 15.03.2015
Sandåtinden vest for (1,906m) 15.03.2015

Atter ein fin solskinsdag og turplanane klar for dagen, men litt seinare start etter gårdsdagens rundtur i Reinheimen. Parkerte ved Morådalslægret og hyttegrenda ved Grotli, mykje bilar på parkeringa og folk rundt om i løypene på ein sånn godværsdag. Følgde den merka/varda turstien heilt opp til breen Nordaust for Skridulaupen. La på feller her og gomla nokre gode skiver med standar pålegget brunost, som er det beste pålegget som finnast :) og restane frå Smash sjokoladen frå gårdsdagens tur, den beste tur sjokoladen... Litt kald trekk nede i dalane denne dagen men ei ekstra positiv glede var vindstille toppar!

Møtte på ein kar som hadde skikkeleg dreis på fjellskia og ikkje mykje uredd der han for som eit lyn nedover frå toppen på skaren...Ein skikkeleg "Ola Normann" med eit stort smil og på tur :)

Sandåbreen med Sandåtinden
Sandåbreen med Sandåtinden
Istaden for å fortsette ryggen ut, gjekk det fint å skråe seg ned til Sandåbreen etter hovedtoppen og krysse den på silkeføre opp mot første rygg til Sandåtinden. Dette er berre ein superfin rundtur med fantastisk utsikt mot Hurrungane og Tverrådalskyrkja m.m

Etter å ha brukt god tid på denne fine toppen, var det på høg tid å snu heimover. Hadde ikkje hodelykter med og det var eit godt stykke tilbake men då via/oppom Mårådalsbenken. Solnedgang og nydeleg vinterhimmel vart det på tilbaketur, litt lite snø i hellingane med is og skare enkelte stadar..så her var det berre å gje seg tid. Halvegs ut av området glapp skien og stålkanten på isen og i skråhelling. Med rekordfart nedover kom steinane susande mot meg, greidde å stogge farta nokolunde med eine skia i ein stein... men ferda stogga med leggen i neste ur. Lykka var ingen brudd eller hodeskadar men ei skramme på leggen under kneet (Heldigvis) Norrøna skallbukse tåler ein støyt og Kari Traa longs, fungerer fint som kompress :) Tilbake i bilen fekk eg sett på det skikkeleg og tenkte kanskje at litt strips ville gjere susen... Legevakta i Førde ville ikkje stripse men sy. Så fem Hardanger prydsting av Dansk Militærlege var unnagjort på 10 min. og kl var rukket å bli 23.30 før eg kunne tussle heimover å køye. Men ein super fin rundtur vart det i eit nydeleg ver, vakkert område og ikkje minst den tida til å kunne fotografere som då er halve turen :) Turfølge Johan

User comments

  • -
    avatar

    Villrein versus tamrein

    Written by Garm 22.03.2015 19:53

    Men var det villrein eller tamrein? ;)

    • -
      avatar

      Sv: Villrein versus tamrein

      Written by Eikås 22.03.2015 21:58

      He-he når eg ser ein rein, så dukker det opp nokre merkelege assosiasjonar.... ;) :) Prøver virkeleg å hugse ka den greia var som skilde ein tamrein frå ein villrein. For meg ser jo alt ut som villrein så det blir å tippe det siste :) :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Villrein versus tamrei

        Written by Garm 23.03.2015 05:29
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Villrein versus ta

          Written by Eikås 24.03.2015 20:26
  • -
    avatar

    5 sting

    Written by otto 21.03.2015 17:42

    Flotte bilder av reinen Janne.. Det er fort gjort å gå på ræva, men stort sett går det bra. Noen sting er bare sjarmerende..!

    • -
      avatar

      Sv: 5 sting

      Written by Eikås 21.03.2015 23:19

      Takker for det Otto :) Det var eit flott skue med reinen..dei hadde bestemt seg for at dei skulle forbi oss ;) Der var faktisk ein del småkalvar å sjå i flokken :) Nokre gode "arrminner" må vel til for å være ein barka "fjellentusiast" ;) Minner meg snart meir om eit Europakart :)

  • -
    avatar

    Supert!

    Written by 19topper 21.03.2015 17:05

    Nok en gang spennende og flotte bilder :-D Og griseflaks med kun 5 sting og ikke 6 uker "boklesning" i stedet for nye turer ;)

    • -
      avatar

      Sv: Supert!

      Written by Eikås 21.03.2015 23:10

      Takker for det :) Ja, det var griseflaks...boklesing greit eit par dagar...men er redd adrenalinet hadde steget eit par hakk :) Men når det ikkje går å stå på ski nokre dagar, vart det eit fint alternativ med vårleg fot tur ved ein glitrande Sogne Fjord :) Mykje snø i ditt område?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.