Når mil blir til Smil i Reinheimen... (14.03.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Billingen (650m)
Endpoint Billingen (704m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 13h 13min
Distance 56.8km
Vertical meters 3,430m
GPS
Ascents Blåhøe (1,959m) 14.03.2015
Digerkampen (1,945m) 14.03.2015
Dørkampen (1,820m) 14.03.2015
Øst for Dørkampen (1,819m) 14.03.2015
Gråhø (1,945m) 14.03.2015
Gråhøe i Reinheimen (2,014m) 14.03.2015
Søre Gråhøe (1,908m) 14.03.2015
Sauhaugen (1,425m) 14.03.2015
Skarvedalseggen (1,961m) 14.03.2015
Stamåhjulet (1,821m) 14.03.2015
Storbrean NV1 (1,898m) 14.03.2015
Storbrean NV2 (1,900m) 14.03.2015

Tenk at eit så flott høgtrykk skulle legge seg til ei helg, då er det vel ikkje så mykje å lure på!! Bilen min er alltid turklar, så det er raskt å komme seg av garde....grove planar for Reinheimen og Breheimen har vore tenkt. No var det rette tidspunktet for 1800 moh toppane i området og ein ekstra bonus for meg vart Gråhøe 2014 moh :)


Det var rett og slett perfekt skiføre på desse lange strekka. Vi greidde mykje av turen på Blå Swix og fellar på dei brattaste kneikene, det gjorde turen til ein ekstra positiv opplevelse. Vi var turklar kl 07.40 frå Billingen ved Riksveg 15 og Aust for brua over Store Føysa. Følgde den raudmerka løypa oppom skoggrensa og fortsatte vidare mot punkt 1425 moh Sør Aust for Vesle Frøysa. Derifra eit laangdrygt stykke til vi nådde Sør ryggen av Stamåhjulet 1821 moh. Det var faktisk ein del Jervespor å sjå i området, har alltid synst at dei har eit tidigt spor og ganglag :)
Frå Skarvedalseggen 1961 moh mot Gråhø, Søre Gråhøe og Gråhøe 2014 moh
Frå Skarvedalseggen 1961 moh mot Gråhø, Søre Gråhøe og Gråhøe 2014 moh
Fin flanke å renne ned frå Skarvedalseggen 1961 moh
Fin flanke å renne ned frå Skarvedalseggen 1961 moh
Følgde ryggen ned att frå Stamåhjulet og heldt høgda via 1842 til Skarvedalseggen 1961 moh. Sidan Johan hadde studert kartet litt nøye før tur ;) vart det ei elegant nedkøyring langs etter breen like Nord Vest for toppen mot høgaste punkt i skaret mot Gråhøe. Litt tomme på næring etterkvart, luffa me opp på Søre Gråhøe 1908 Tok tidenes matpause med mjelkekaker frå Jølst, Smash sjokolade og gode brunost skiver. Ved godt mot og full proppa av energi, bar det til topps på Gråhøe 2014 moh her var det ikkje uventa skispor å sjå. Susa vidare mot Gråhø og Blåhøe 1959 moh. Kryssa deretter heile Storbreen mot Nordaust, enkelt og greit renn ned med nokre få stavtak. Sette att sekkane på kote 1800 moh og stakk oppom Digerkampen 1945 moh. Her var det berre å nyte utsikta mot Tafjordfjella og Sunndalsfjella og alt det andre av mektige fjellområder...:) vidare tilbake til sekkane og ny Smash pause :)
Frå Søre Gråhøe 1908 moh mot Gråhøe 2014 moh
Frå Søre Gråhøe 1908 moh mot Gråhøe 2014 moh
Litt av ein dag ved Gråhøe 2014 moh og blikkstille...
Litt av ein dag ved Gråhøe 2014 moh og blikkstille...

Sidan kryssa vi ferda på Nordflanken av Storbreen, Vestover mot NV1 1898 moh - 1900 moh - 1819 moh og til siste topp som vi rakk akkurat i solnedgang.

Siste topp på runda, frå Dørkampen 1820 moh
Siste topp på runda, frå Dørkampen 1820 moh
Nydeleg vinter solnedgang frå Dørkampen 1820 moh
Nydeleg vinter solnedgang frå Dørkampen 1820 moh

Herifra retunerte vi rett Sørover på Austsida av Blåbergtjønne og tilbake til Skarvedalen med hodelykt.
Litt av ein tur Johan :) Ps. neste gang på langtur hugsar vi sikkert litt ekstra drikke ;)

User comments

  • -
    avatar

    Nydelig tur!

    Written by Øyvindbr 23.03.2015 09:44

    Kun toppovernattinga som manglet. :)

    Av og til (eller ganske ofte) er det herlig med sånne rolige og avrunda fjellområder med vid utsikt!

    • -
      avatar

      Sv: Nydelig tur!

      Written by Eikås 24.03.2015 20:49

      Ja, men det tar litt tid å venje seg til for ein kyst Vestlending :) Men eg ser at det er noke mektige vidder og dei høge fjella å sjå blir igrunn endå meir imponerande! Flotte kontrastar :) Teltovernatting er utuleg fint, tanken var der! Såg rapporten din på teltovernattinga på Vikerfjell og kjenner meg godt att...Det er mykje stemning og ein får naturen endå nærmare, det er så koseleg då å ligge i ein varm dunpose :) Og ikkje minst håpe på at teltpluggane fungerer som dei skal... :)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by janyga 19.03.2015 13:57

    Oi, oi for en tur!! Bare for de sprekeste av de spreke :-) Ingen tvil om at dere hadde full klaff med vær og skiføre.

  • -
    avatar

    Jøss!!

    Written by 19topper 19.03.2015 09:37

    For en utrolig flott tur, bilder og opplevelse !!! "Litt" misunnelig, og motiverende ! TAKK :-D

  • -
    avatar

    Litt av en runde

    Written by otto 17.03.2015 22:15

    Imponerende.. både i lengde og høydemeter.. Ps har lånt turkompisen din et par dager.. Spent på neste langtur fra tospannet.!

    • -
      avatar

      Sv: Litt av en runde

      Written by Eikås 18.03.2015 20:29

      Minnerik tur i fantastisk ver, sjeldant at det er så blikkstille på 2000 moh og tindrande klart ver! I tillegg også å kunne få nyte synet av Stortoppane langt i det fjerne i alle Himmel retningar er stort :) Neste langtur får vi til ilag ;) :)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 17.03.2015 21:28

    Argh! Og så jeg som planla å få med deg på Gråhøe etc som jeg manglet....!

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Eikås 18.03.2015 20:11

      Den turen tek eg gjerne att ilag med deg Lise :) Såg den fine tur rapporten til Jan Petter Vad og kunne så absolutt ha tenkt meg å gjort som han. Teke den som ein fin treningstur på sein sommaren :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv:

        Written by JPV100 18.03.2015 23:25
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv:

          Written by Eikås 20.03.2015 14:15
          • +
            avatar

            Sv: Sv: Sv: Sv:

            Written by JPV100 21.03.2015 22:55
      • +
        avatar

        Sv: Sv:

        Written by ligroenb 19.03.2015 20:04
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.