Iglandsklubbafjellet (22.01.2015)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Husaheia (801m) 22.01.2015
Iglandsklubbafjellet (986m) 22.01.2015
Våberga (774m) 22.01.2015 11:00

Vegen til Songesand var stengt denne vinteren pga uvanlig store snømengder. Parkerte ved folkehjelpshytta i Lyngsheia og sykla derfra 2 km til bommen ved Åsevegen. Derfra gjekk eg på ski til demningen til Lyngsvatnet. Var spent på om det var islagt, men det var bare ansamling av oppbrotne isflak ved demningen. Da var det bare å gå vidare sørover over Våberga til Husaheia og Iglandsklubbafjellet. Stort sett avblåst og isete hardt føre så eg måtte bære skia mykje av tida. Gjekk tidvis igjennom skaren til fots så det blei litt tungt å gå. Klar og fin utsikt frå Iglandsklubbafjellet og kom opp ein time før sola gjekk ned. Gjekk ned igjen i sørsida og her gjaldt det å finne fornuftig rute pga isete skare. Fant ei god renne med fokksnø som gjorde det trygt å kome ned i Grubbedalen og Stordalen og så vestover til Litla Sandvatnet. Snødekt tynne sorpeislag her, men det var snøskuterspor langs sørsida. Gjekk vidare over Sandvatnet og der var det stort sett 20-25 cm sorpeis, mens det var 11,6 cm stålis i vestenden. Så rant eg på songesandvegen det siste stykke ned til bommen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.