Ein oppfriskar på Tindefjellet.... (24.01.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Berg (310m)
Endpoint Berg (310m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 17min
Distance 8.5km
Vertical meters 856m
Map
Ascents Gygraklovet (748m) 24.01.2015
Tindefjellet (1,083m) 24.01.2015

Snø eventyret ser ut til berre å ville fortsette og flott nysnø er dagleg ferskvare!! For å variere litt på dei kort reiste toppane er Tindefjellet eit supert alternativ. Starta etter jobb i 17.00 tida frå Berg i Svidalen. Ingen ski spor i dag, nydeleg julekortstemning i skogen oppover mot ryggen til Gygraklovet. Nokre skaplege Vestabyger med snø, fekk vi undervegs. Hadde droppa Gps i dag, tenkte at ruta kan vi i blinde om litt dårleg sikt. Dårleg sikt vart det til gangs, vidare frå toppen Gygraklovet...men vi hadde litt referanser i enkelte steiner oppover på ryggen så det gjekk greit. Oppe ved varden på Tindefjellet var det rett og slett rufsete ver, litt vind, tett snøkave og skumringstime. Vi venta litt på toppen til det mørkna heilt, ofte litt betre å sjå konturar då og med lykt. Sidan det var tett snødrev, enorme mengder med snø komt og som hadde omgjort terrenget til nesten å ikkje kjenne seg att...så er det lett å miste orienteringa. Vi visste noko lunde halvegs nede i fjellet kor vi var og at det var eit bratt parti å renne ned vidare, vi "finurte" ei god stund der vi sto. Det som såg ut til å være ein svær skavl og eit bratt heng rett utfor.... viste seg etter ei laang stund og med forsiktigheit, vel forbi...at det var eit stort syns bedrag!! Så mykje snø og vind hadde sletta det fint til ei slakk skråning med ein mini skavl, som ikkje utgjorde nokon trussel. Vel nede til bil var vi jo skjønt einig om at det var ein frisk og hærleg tur med mange spennande, oppfriskande element ;) :)

Julekortstemning på veg mot Tindefjellet
Julekortstemning på veg mot Tindefjellet
På Gygraklovet ved Tindefjellet
På Gygraklovet ved Tindefjellet
På Gygraklovet ved Tindefjellet, litt dårleg sikt etterkvart....
På Gygraklovet ved Tindefjellet, litt dårleg sikt etterkvart....
Rufsete på toppen av Tindefjellet
Rufsete på toppen av Tindefjellet

Turfølge Brit Siv Fimland

User comments

  • -
    avatar

    Synsbedrag..

    Written by Eikås 06.02.2015 23:31

    Vel....:) Litt artig og ekstra spenning knytt til desse synsbedraga ;) :) Fekk ein aldri så liten tilbakevendande tanke til Hestbreapiggen ;) Måtte jo fortelje historia til Brit Siv, medan vi famla på oppi der...ho heldt jo på å le seg skakk av historia :)

  • -
    avatar

    Synsbedrag

    Written by Garm 05.02.2015 23:41

    Synsbedrag på grunn av dårleg sikt. DET har du vel aldri opplevd før? :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.