Gåpåpiggan (31.01.2015)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Gåpåpiggan Nørdre (1,398m) 31.01.2015
Gåpåpiggan Søre (1,429m) 31.01.2015

Åtte måtar å tryne på ved flatt ljos

1. Klassikaren
Renner seg ned ei slak flate da ein skavl plutseleg gje balansen litt vel mykje å jobbe med.

2. Idioten
I fiskebein i oppoverbakke (merk: OPPOVERBAKKE) når ein skavl (usynleg på grunn av flatt
ljos) plutseleg hektar tak i eine skia.

3. Youtubehiten
På veg nedover har ein på grunn av mykje stein og flatt ljos vald å behalde fellane
på. Nedover ei lita side må ein baute, fyrst eine skia men når andre skia skal flyttast
etter er det plutseleg ikkje noko fast grunn å plassere skia på. For seint innser ein at
fyrste skia er plassert ute på ein liten skavelkant. Under er det ei polert flate så ein
treng ikkje bekymre seg for korleis ein skal forsere resten av bakken. Ferda endar mjukt
i eit djupt pudderlag og eventuell varmgang under topplokket vert effektivt nedkjølt av det
faktum at alt av lufteopningar på jakke og bukse stod på vidt gap.

4. Fotgjengaren
Til fots på toppen finn ein ut at punktet 20 meter lengre ut sikkert er eit betre utsikts-
punkt. Den vesle snøflanka ein må passere skjuler effektivt (på grunn av flatt ljos, om eg
ikkje har nemnt det) ein liten skavl. Oppdaginga av det faktum kostar sjølvsagt eit tryn.

5. Bambi
Kjøva felt skjult under eit to centimeters nysnølag er glatt, hardt og lite synleg i flatt ljos.

6. Dump
Denne minner mykje om nummer ein men denne gongen anar ein konturen av noko framfor seg.
Aha, ei lita dump tenkjar Suverin Suveren, den klarar eg lett.

Ei lita dump visar seg (eigentleg feil å bruke ordet "visar" her, da det i større grad er noko
ein merkar idet ein køyrar opp i dumpa) å ikkje være så lita.
Ein seigmann i belønning til den som kan gjette utfallet.

7. H******s tyngdekraft/sentrifugalkraft
Ein gli i fred og fordragelegheit forsiktig nedover ei polert side da ein plutseleg rennar
seg inn i eit laussnølag til knehøgde. Sjølv om no ski og sko står bom fast er ikkje 80 kilo
daukjøtt innstilt på å stoppe like fort. Men dei gjer det likevel, dog halvanna sekund forsinka
og i horisontal stilling.

8. Spøkelsestaket
Etter ein lang glitur nedover sida flatar det ut og farten avtek. Når det har stoppa opp tek
ein eit realt fråspark for å gli litt vidare. Bortsett frå at det ikkje har stoppa opp, tvert
imot gli det forhaldsvis bra enda. Ein vert berre litt lurt av, ja nettopp, flatt ljos.
Det reale fråsparket forårsakar dimed kraftig ubalanse og forutsigbare konsekvensar.

Bonus
Etter endt tur spennes skia av nede på parkeringsplassen til campingplassen. Svinsande rundt i
halvørska presterar ein å plassere eine foten på skia. Skia reagerer som ski skal gjera, den gli.
No når ein befinn seg blant folk att gjeld det å koma seg kjapt på beina og forsøke å sjå ut
som det ikkje gjer vondt. Så mens tårane sprutar må ein forsøke å gå mest mogleg normalt (det er
ikkje lett med spelbeinet slått kvakt glugg ihjel) over til andre sida av parkeringsplassen for
å hente skia.

Epilog
Etter å ha evaluert og oppsumert dagens tur kan ein konstatere at nymotens ski er forbausande
lite egna til omnsfyring.

User comments

  • -
    avatar

    Herlige betraktninger

    Written by mortenh 03.02.2015 22:09

    Hahaha, måtte flire godt. Fint lite selvhøytidelig og god underholdning, og det værste, unnskyld beste, er at etter en liten stund, pakker du inn de nymotens skiene og drar til fjells igjen. Er fort glemt! :)

    • -
      avatar

      Sv: Herlige betraktninger

      Written by Garm 03.02.2015 23:05

      Jepp, IQ er no dritt! Men forsåvidt, Teigkampen vart gjennomført til fots og på truger. Dog tett, bratt og snøtung skog i mørke, kombinert med elendige truger (vistnok brukt av austerikske alpejegerar ifølge seljaren - må være tidenes mest ubrukelege soldatar skal ein dømme etter utstyret...) og stavar som stod trygt plassert heime førte til at det falt ei og anna glose over nemnte truger også...

      Gått lei av Munros? :)

  • -
    avatar

    Flatt lys

    Written by rogerravlolosvik 02.02.2015 10:13

    Moro å lese innleggene dine. Du har en god måte å sette ord på ting. Har vært borti mange av disse selv og sett andre tatt seg av resten. Husker spesielt vintermarsjen på Befalskolen hvor vi gikk fra Hjerkinn til Rena. En dag med sol og fint, resten med flatt lys. Vi hadde en fra Vestlandet som ikke hadde gått på ski før. Han trynte 25 ganger første dagen med flatt lys, men det ble stadig bedre utover turen. Øvelse gjør mester

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 01.02.2015 22:43

    Du kan Virkelig få satt ord på det du :-) Tror jeg har vært iinom de fleste der selv, men kanskje ikke på en og samme tur !

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Garm 03.02.2015 21:41

      Vel, når Frøken Fortuna er eit sjeldan turfølgje og skitalent er ein ikkje tilstadeværande eigenskap får ein ein unik moglegheit til denne type opplevingar. :)

      Roger: Hjerkinn-Rena i flatt ljos som fyrstereis er ein real tur, lov å tryne litt da. :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.