Gloppen/Naustdal: Merafteholten pf 100 komplett! (01.02.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Rongkleiv (220m)
Endpoint Rongkleiv (220m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 00min
Distance 17.0km
Vertical meters 1,000m
Map
Ascents Merafteholten (965m) 01.02.2015
Nobba (892m) 01.02.2015
Svartegrovfjellet nord for (893m) 01.02.2015

Etter nokre månader med sofateneste og vintersport var det på tide å kome i gang med ny sesong. Ingenting er vel bedre enn å komplettere 2 kommunelister i ein jafs.

Gloppen pf 100 66/66
Naustdal pf 100 26/26

Turen har lenge stått på blokka. Kroksleiven var som vanleg med på kort varsel og minimal info. Tok ferja kl 1000 frå Lote. Framme på Rongkleiv litt over 11. Friskt og kaldt i skuggeland, kom oss fort i gang. Vi hadde dessverre ikkje finsikta kartet på Peakbook godt nok. Den nye veien/røyrgata mot Rambergvatnet var ikkje innteikna på kartet vi hadde. Rota oss derfor oppover i skogen og måtte krysse ei elv. Kom plutseleg inn på veien og ser ein lokalkar rett bak oss. Han skulle til Mjellemstøylen og ville gjerne slå lag. Oppe på Mjelleimsegga skilde vi lag. Vi gjekk vidare austover ryggen mot Nobba, han skulle til støylen og sjå kor det stod til med hyttene. Takka for praten og hjelpa, han sparte oss nok for litt knoting.

På Nobba fekk vi oss ein støkk. Vidare sørover såg det ut som ein endelaus stygg leskavl som ikkje var god å komme forbi. På kartet ser det heilt fint ut, og det var det berre vi kom nærmare. Utruleg kor lys og skugge kan lure auget. Vi var litt usikre på høgste punktet på Merafteholten, så vi gjekk først på toppen ca 350 m nordvest for 965. Denne målte vi med GPS til 963. Vidare til varden ved 965 som vi målte til 965. Så denne er nok eit par meter høgare. Veldig kort pause/fotoøkt/gratulasjonsøkt før vi glei oss vestover mot toppen nord for Svartegrovfjellet 983. Har ikkje info om anna namn på denne. Uvesentlig for Kroksleiven, men viktig for meg i Nordfjord pf 50. Vidare nordover på vestsida av Varliegga og Blåfjellet som vi ikkje gadd å gå opp på. Fekk nokre få svingar ned sida mot Mjellemstøylsvatnet. Ei meget mager nedkjøyring, men det må av og til være underordna. Gjekk langs vatnet og slapp oss utfor ei svinbratt kneik ned på ruta vi gjekk opp. Nokre få minutt seinare var vi nede ved bilen. 2 pakkar Sørlandschips + brus vart kjøpt på Sandane, og pakkane knørva før vi kjøyrde ombord på ferga på Anda eit kvarter seinare. Bortimot ny rekord i chipseting i tillegg til ny rekord i kolsyreraping.

User comments

  • -
    avatar

    2 x komplett

    Written by otto 02.02.2015 21:38

    Må si du har gjort jobben bra i disse to fjellkommunene

    • -
      avatar

      Sv: 2 x komplett

      Written by boven 02.02.2015 22:07

      Jotakk, dette er jo rett i nabolaget så på tide.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.