Åleine i Sunnmørsalpane (20.11.2014)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Årsetsætra parkeringsplass (500m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 30min
Vertical meters 1,200m
Map
Ascents Blåhornet (1,121m) 20.11.2014
Skårasalen (1,542m) 20.11.2014
Storhornet (1,378m) 20.11.2014
Noko brutal denne Skårasalen
Noko brutal denne Skårasalen

Kva er det med fjellet? Kvifor kjennest det som vel anvendt tid å vase kring i skodde og glatt ur medan Kona ligg under dyna og Far les avisa?

Eg undra meg over dette opp bakkane mot Skårasalen. Været hadde vore så fint, men no hadde det tetna heilt til. Det gjorde ingen ting - stien var godt merka. Som venta var det god plass på toppen. Utsikta herifrå skal vere fantastisk. Eg hadde gledd meg til den, men det gjorde ikkje mykje at den uteblei.

Er det kjensla av elementa, av å mestre desse? Eller er hovudet vårt inretta på å reagere positivt på villmarka, som restar av eit gammalt jeger-og-sankar-instinkt? Ålmengyldig ser det ikkje til å vere, men overraskane mange fortapar seg i den noko meiningslause aktiviteten som friluftsliv kan seiast å vere.

Eg åt litt av nista medan eg håpa at sola skulle bryte gjennom. Det gjorde den ikkje. Jaja, kort prosess, eg kunne gå mot Storhornet og kanskje få med eit peakbook-element eller to til.

I ura mot Storhornet var det berre skodde. Eg kika over mot Nordre Storhornet, men egga bort dit såg ut som skotsk isklatring. Ingen ting å begi seg utpå.

Nede i dalsida kom eg ut av skodda og såg over mot klovtindane. Eg hadde hatt ein stor plan om at vi skulle klatre desse denne haustferien, og koffertane var fulle av isklatreutstyr. Men Kona hadde hatt jet-lag og kjende seg ikkje så innmari alpin. Det var mest som ho hadde kjent det glatte og kuperte terrenget opp flankane mot Klovtinden på førehand. Ho er med på veldig mykje, Kona. Men ikkje alt. Manien må eg vere aleine om.

Ein kan raskt kjenne att denne manien på andre. Kanskje er det berre ei tilbøyeligheit til å gå djupt inn i ein hobby, og denne er tilfeldigvis er fjell. For mange er det sikkert slik, meg sjølv inkludert. Men naturen resonerar også djupt i mennesket. Ei kjensle av å vere i verda.

Hausten er framleis fin. Dukhornet også
Hausten er framleis fin. Dukhornet også
Klovtindane med Storetinden bak
Klovtindane med Storetinden bak

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.