Tredje fylke komplett - Høgståsen blei siste i Vestfold (16.11.2014)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Map
Ascents Høgståsen (175m) 16.11.2014

Damehelg i Sandefjord blei avslutta med ein tur til det indre Vestfold på veg tilbake til Oslo. Ved hjelp av gps-en fann vi greitt Skatvet, det regna og yra og var knapt nok dagslys - november kan vere skikkeleg dyster, - men hadde likevel stor glede av dette terrenget. Er så glad i bøkeskog, og bøkeskog utan lauv, men med brun skogbotn er også flott. Eg hadde med to venninner som nok stiller seg litt uforståande til heile prosjektet, men dei likar å vere ute, så det fekk gå. Vi rota ein del med dårleg kartutskrift frå Norgeskart. Då vi skulle ta av vegen, fann vi raude band, men følgde dei mot høgre i første vegdele, det var dumt, det er berre å gå rett på. Så vi busha litt rundt på kryss og tvers, var innom den store myra, og fann så den gode stigen. På veg mot toppen var det plutseleg raude band att, og dei kunne vi følgje heilt til topps. Ikkje stort utsyn i dag, men som sagt, ganske trolsk og fint landskap, grøn mose på steinar og trestomnar, brunt bøkelauv på skogbotnen, og breie fine stigar. Vi følgde dei raude banda sørover etter å ha kome opp frå nordsida, men den stigen held nok mot Stokke-sida. Så det endte med at vi busha oss over ei stor flate/myr ved eit gamalt steingjerde, og fann att den gode stigen etter kvart. Vi brukte vel knappe to timar inkludert nistemat og ein del roting. Men glad og nøgd etter å ha skifta til tørre klær i bilen, for no har eg altså Vestfold komplett og tre fylke!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.