Store og Vetle Haugmelen (23.10.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Bom ved Dalåker (396m)
Endpoint Bom ved Dalåker (396m)
Duration 2h 23min
Distance 17.0km
Vertical meters 960m
Map
Ascents Store Haugmelen (1,172m) 23.10.2014
Vetle Haugmelen (1,118m) 23.10.2014

Ferdig på jobb og det stri regnar I Jølster...Litt lettare ver i Sogndal og Kaupanger. Det er ikkje så mykje å lure på då :) To hoved toppar hadde eg tenkt å ha med denne dagen også Storehaugfjellet på den andre sida ved flyplassen, som ser ut til å ha lik høgde. Irene hadde fri og visste også at veret var lettare her, og var allereie i området. Eg fekk nokre gode tips på vegbeskrivelsar og start utgangspunkt, ei god hjelp :) Tok av frå Kaupanger sentrum mot Dalåker. Køyrde til endast og til bom, parkerte der. Følgde hoved skogsvegen oppover forbi Goro og til Vassløysa. Vegen er først merka med blått, sidan raudmerking og etterkvart skilta til Store Haugmelen. (Ypperlege sykkelområder) Frå støylar ved Vassløysa er det merka med skilt og god sti til S. Haugmelen som eg tok som første topp. Gjekk bortom til den runde søte haugen, kalla Vetle Haugmelen. Fin joggetur og retur den laange skogsvegen ned att til bilparkering. Ein flott rundtur i lettgått terreng, her kunne eg nok godt tenkt meg å teke med sykkel i neste høve.

Frå Store Haugmelen 1172 moh mot Vetle 1118 moh
Frå Store Haugmelen 1172 moh mot Vetle 1118 moh
Frå Vetle Haugmelen 1118 mot Store H
Frå Vetle Haugmelen 1118 mot Store H
Flott støylsområde ved Vassløysa
Flott støylsområde ved Vassløysa

User comments

  • -
    avatar

    Litt bekymret

    Written by otto 28.10.2014 23:09

    Drukner du i Jølstra - ser det er høy vannstand...ganske tørt her i fjellbygda.!

    • -
      avatar

      Sv: Litt bekymret

      Written by Eikås 29.10.2014 12:05

      Ja, no har vi fått nok i magasina....Det har vore skremmande å sjå kor enorme krefter som har vore i sving...Jølstra elva var enorm!! Det regnar endå, men roa seg har det gjort. Vorte litt kaldare og snø på toppane her no :) Litt misunneleg på innlandsklima av og til ;) :)

  • -
    avatar

    Flott topp!

    Written by JPV100 28.10.2014 19:27

    Store Haugmelen har eg mange gode minner frå då eg studerte i Sogndal. Anbefalar deg også å ta ein tur oppom på ski :)

    • -
      avatar

      Sv: Flott topp!

      Written by Eikås 28.10.2014 20:27

      Ja, litt anna natur og klima enn det vi har i Jølster att, for min del 1,5 t køyring mellom. Så då går det fint med nokre fine klimaturar til Sogndal :) Såg du hadde vore på mange toppar her, og tenkte kanskje det måtte vere skule :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.