Hobøl i skodde (19.10.2014)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Map
Ascents Høgbråten (280m) 19.10.2014

Skogstur i grått vêr i dag. For første gong var eg i Tomter og ved innsjøen Mjær. MArit og eg og Uncas parkert ved sørenden av vatnet ved snuplassen og gjekk gardsvegen oppover og innover. Vi gjekk fobri et flott elgposttårn (?) med namnet Musefritt! - og så forbi ei like kunstferdig hytte som såg ut som den var bygd på tomta til ein gammal husmannsplass. Den så absolutt gammal ut med flott gammal takstein og andre gamle detaljar, men ny var den. Deretter gjekk vi opp traktorvegen som tok av til venstre ca 100 meter borti vegen. Vi gjekk den venstre av dei to traktorvegane, og så til høgre opp i skaret. Etter kvart følgde vi eit lite tråkk opp til høgre og fann etter kvart triggpunktet. Vi hadde dessverre ikkje med gps, og rota det litt til. I staden for å gå rett vest må vi ha gått litt for langt sørvest, og fann ingen topp. Så vi klora oss tilbake til triggpunktet, og etter at Marit hadde funne eit betre kart med gps på ut.no på tlf, gjekk vi meir rett mot vest og fann toppen greitt. Det låg ei lita steinsetning på eit fint berg. Heimover rota vi vidare, denne gangen gjekk vi mot nord eit stykke og heldt så mot aust. Litt ulendt ned mot traktorvegen, og vi trefte den nedre omtrent der saltsteinen stod. Og så bar det heim. Alt dette tok oss 2 timar og 40 minutt, og dermed hadde vi ikkje tid til fleire toppar i dag. Greitt nok.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.