Fin rundtur i Helgheimsdalen (07.10.2014)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted E-39 Helgheim (210moh)
Sluttsted E-39 Helgheim (210moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 47min
Distanse 15,8km
Høydemeter 1433m
Kart
Bestigninger Instengjebottnsegga (1298moh) 07.10.2014
Langebottnsegga (1299moh) 07.10.2014
Vardefjellet (1168moh) 07.10.2014
Vardefjellet nord for (1184moh) 07.10.2014
Andre besøkte PBE'er Helgheimsstøylen (620moh) 07.10.2014

Hadde tenkt meg ein tur på Brekkefjellet 1174 moh ved Vasskaret ein liten snartur...men av ulike årsaker vart det ein flott rundtur via Vardefjellet og Langebottnegga. Nydeleg ettermiddag med fine haustfargar å nyte og små pyttane hadde fått sine flotte isformasjonar. Tørt og fine forhold til å småjogge, med ein god del hopp undervegs....Definitivt Lemen år i år!!! Helste på ikkje mindre enn 14 stk på rundturen min...og lite vennleg innstilt var dei til å helse på ein fredleg trimmar...Sistemann greidde heldigvis å gi eit godt siste inntrykk, den var faktisk litt søt der han prøvde først å gøyme seg, men litt nyfiken måtte kike på meg med søte runde auger :) Superfin rundtur i klar haustluft

Mot Helgheimsstøylen og Vasskaret
Mot Helgheimsstøylen og Vasskaret
Ned mot Myklandsdalen og Indre Kandal
Ned mot Myklandsdalen og Indre Kandal
Ein nydeleg mura Varde i skrått terreng på Instengjebottnsegga 1297 moh
Ein nydeleg mura Varde i skrått terreng på Instengjebottnsegga 1297 moh
Frå Langebottnegga 1301 moh mot flotte Skorta 1472 moh
Frå Langebottnegga 1301 moh mot flotte Skorta 1472 moh
Frå Instengjebottnsegga 1297 moh mot Årdalsdalen
Frå Instengjebottnsegga 1297 moh mot Årdalsdalen
Ein liten kar som trudde han hadde gøymt seg...:)
Ein liten kar som trudde han hadde gøymt seg...:)
Men forsto at sånn var det ikkje...og ville helse allikavel :)
Men forsto at sånn var det ikkje...og ville helse allikavel :)

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.