Rauma/Nesset: Ljøsåvatnet rundt. 7 x pf 100 (09.10.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Indre Breivik (40m)
Endpoint Indre Breivik (40m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 49min
Distance 24.0km
Vertical meters 2,750m
Map
Ascents Litle Blåtind (1,157m) 09.10.2014
Galtåtind (1,124m) 09.10.2014
Gravfjellet (1,048m) 09.10.2014
Loftskartinden (1,190m) 09.10.2014
Måsvasstind (1,204m) 09.10.2014
Nebba (1,105m) 09.10.2014
Snortungen (1,198m) 09.10.2014
Såta (1,131m) 09.10.2014

Bestemde meg for å prøve ein skikkeleg rundtur med heile 7 hundringsar denne dagen. Toppane ligg på rekke og rad men ein del høgdemeter blir det. Parkerte i Indre Breivika der det er skilta mot Breiviksetra. Lett å finne fram, god sti oppover sida til setra. Herifrå peila eg meg inn mot Snortungen. Gav blaffen i alle slike småtoppar denne dagen (feks vestre Snortungen 1193). Veret var glimrande oppover mot skoggrensa men på toppane var det samme helsikes vind som alle dagar denne veka. Rett nok litt svakare denne dagen, men det trua i tillegg med litt nedbør. Frå Snortungen vidare over Galtåtind-Loftskarstinden-Måsvasstinden-Litle Blåtind og Såta. No var eg litt i tvil om dei 2 neste, mest med tanke på veret. Gav likavel gass og gjekk rett ned nordover til Såtskaret, opp til Nebba, ned til masta i skaret, sør for Knollan (viste ikkje den var registrert her eingong) og opp til Gravfjellet. Vidare austover til utosen av Såtskarvatnet og fulgte god sti heilt tilbake til Indre Breivika. På Breiviksetra møtte eg bestemor og ein gut som var på trimtur og skreiv seg i boka der. Ho klaga på svettebyene, men det skulle vist være teikn på god kondis hadde ho høyrt. Nedover lia kom regndropane og framme ved bilen var det nesten småsurt. Nok ein kjemperunde i boks! 24 km er målt med verktøyet på kartet her. Inspirert av Gal Krokfot vart det Trondhjems lys lapskaus til middag.

Frå Litle Blåtind
Frå Litle Blåtind

User comments

  • -
    avatar

    Middag

    Written by Garm 11.10.2014 01:47

    No er det no Spetti a'la Capri som er min spesialitet.

    Kan nytast steikt, omnsbakt, kokt, flambert, grilla, porsjert eller tartar. :)

  • -
    avatar

    Bra runde!

    Written by JPV100 09.10.2014 20:27

    Skal sei du tek for deg av toppane her i Rauma om dagen! Du fekk deg ein bra runde i dag, men synd veret var litt kjipt. Og no har det kome nysnø i fjella...

    • -
      avatar

      Sv: Bra runde!

      Written by boven 10.10.2014 16:10

      Dryg runde ja, 2750 hm lest ut frå kartet. Men no er turneen over. Vakna i Isfjorden i dag til grått og regndropar, fritt for motivasjon. Skal ligge horisontalt i kveld med øl og Nytt på Nytt.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.