Rauma: I Monsen sine villspor (05.10.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Erstaddalen parkering (220m)
Endpoint Erstaddalen parkering (220m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 30min
Distance 24.0km
Vertical meters 2,650m
Map
Ascents Fleskehøin (1,486m) 05.10.2014
Kvanndalshøin (1,607m) 05.10.2014
Kvanndalshøin Sørøst (1,420m) 05.10.2014
Middagsfjellet (1,159m) 05.10.2014
Middagsfjellet Sørvest (1,087m) 05.10.2014
Mongehøin (1,519m) 05.10.2014
Rundefjellet (1,375m) 05.10.2014
Visits of other PBEs Fleskevassbu (1,114m) 05.10.2014
Middagsfjellhytta (933m) 05.10.2014
Fleskevassbu, lita hytte med akkurat plass til 2 sovande
Fleskevassbu, lita hytte med akkurat plass til 2 sovande

Etter den kjappe vindfulle ettermiddagsturen til Moanebba kjøyrde eg til Erstaddalen. Bomveg 40 kr. På parkeringa lengst inne i dalen var det fleire innfødde og eg slo av ein prat med ein av grunneigarane. Det enda med invitasjon på kaffi i hytta, der far hans på 80 år og var. I løpet av ein times prat var vi innom jerv, gaupe, bjønn, moskus, hjort, rådyr og elg. Takka til slutt for praten, mekka middag i bilen og la meg tidleg. Vinden herja fælt i dalen.

Kom meg avgarde ca 1015. Gjekk over brua og tok til venstre ved raud pil ca 100 m til traktorvegen. Fulgte denne til endes og over på fin sti mot ein spennande oppgang. Opp Saufonnholet var det både kjettingar og stige for å hjelpe folk opp. Vidare langs vatnet og opp til Middagsfjellhytta. 1 time 10 minutt opp der. Var inni hytta og såg på forholda. Veldig bra plass! I hytteboka kunne ein lese om ok fiske i vatnet. Det er og merka til Middagsfjellhytta opp Kvanndalen, så ein kan gå denne som ein rundtur. Gjekk vidare til Middagsfjellet og så sørover mot Kvanndalshøin. Var litt spent på denne ruta opp nordryggen men det var heilt problemfritt. Forferdeleg vind idet eg kom opp på kanten. Denne vinden holdt seg heile dagen. Osa på over topp 1420 og Mongehøin, ned mellom vatna og austover til Fleskehøin, bratt ned til Fleskevatnet og Fleskevassbu. Har oppretta PBE på denne og nokre andre hytter i området. Sjekk sida til romsdal.com. Var inn i hytta og fann le for vinden. Tok meg endeleg ein skikkeleg pause og ausa innpå med det eg kunne finne av etande og drikkande saker i sekken. Satte nesten fast ein jævlige skalk i halsen då eg såg siste besøk i hytteboka, Lars Monsen og Mira! Hadde vore moro å møtt sjølvaste, men det var eit par veker sidan han var der. Fortsatte nordover langs Fleskevatnet til Rundfjellet, derifrå runda eg på nordaustsida og gjekk til eg kom inn på stien til Saufonnhytta. Retur ned det spennande Saufonnholet og lett trav ned til bilen igjen.

Kjøyrde til den store parkeringsplassen mellom Åndalsnes og Isfjorden der avtalen var å møte Geir Arne Garm (Gal Krokfot) som skulle være med dei neste 3 dagane.

Fleskevassbu
Fleskevassbu

User comments

  • -
    avatar

    Monsen

    Written by kolla 22.10.2014 18:54

    Interessant at Monsen har vore på vestlandstur, men det er neppe hans favorittlandsdel. Såg med stor interesse nrk's programmer med han i vår der han blei satt av på ukjent plass og skulle finne fram langs ei rute uten nymotens navigasjonsutstyr. Han sleit med å orientere seg i vestlandsnaturen, men var i sitt ess i dei djupe skoger austpå.

    • -
      avatar

      Sv: Monsen

      Written by boven 22.10.2014 19:09

      Stemmer, blir spennande om vi ser Fleskevassbu i neste runde!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.