Andre fylke komplett: med Sørum og Fet i Akershus (05.10.2014)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Bike trip - mixed
Map
Ascents Kukollen (343m) 05.10.2014
Sørvest for Røysekollen (347m) 05.10.2014

Ein vidunderleg blank haustdag, og Tom, hunden og eg la i veg til Romerike. VI køyrde riksveg 22 frå Fetsund, fann Midtskog og vegen opp Bjørndalen. Porten stod oppe og vi kosta oppover dalen i blankt vêr. Parkerte ein sving unna den andre bommen, følgde stig oppover mot åsen. Kom innpå blåmerkt stig, som vi neglisjerte og strauk rett opp. Fint med gps. Den høgaste toppen var ikkje markert, men kommunetoppen i Fet hadde både varde og var pynta med elggevir. Nedatt fann vi den blåmerkte stigen, og då kom vi nedpå vegen eit stykke lenger opp enn der vi parkerte. Køyrde glade og fornøgde nedatt, men der var bommen låst gitt! Etter å ha banka på to dører fekk vi låne nøkkelen av blid pensjonistdame i det raude huset. Så gjekk då det greitt. Køyrde så til Skjatvet der vi ikkje tok sjansen på å køyre på tvers av forbodsskiltet. Vi tenkte at det ville vere ein del jegarar og grunneigarar som kunne kontrollere oss. Så eg pusla innover på sykkel, medan Tom og hunden gjekk. (Hunden har aldri greidd å løpe i band ved sida av sykkel, og no er han så gammal at han ikkje orkar.) Men sykkel er fin for vond akilles! Eit stykke etter der vegen vender bort frå Mjøsjøen, tok Tom og hunden rett inn i skogen og oppover. Eg sykla rundt og opp til eg var rett aust for toppen. Parkerte og gjekk rett vest. Det tok berre fem minutt eller noko sånt. Fann solcelle- og antenneinnretninga og titta rundt meg, og der frå vest kom Tom og Uncas opp lia. Kjapp rast med litt å drikke, før vi gjekk kvar til vårt. Eg tilbake til sykkelen og fin lett sykkeltur tilbake til bilen. Tom gjekk sørover, og kom ned på vegen etter kvart. Eg var tilbake ved bilen 1545, Tom kom 20 minutt seinare. Då var Akershus komplett for min del, Tom har vore med på 13 av 22.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by siroho 05.10.2014 22:16

    Gratulerer med Akerhus-lista!

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by bakken59 05.10.2014 23:10

      Takk! Har halde på i fire år no, og eg ser at det blir verre etter kvart når nærtoppane er kryssa av! Men eg har nokre østfoldtoppar att, og har enno ikkje stukke hol på Hedmark, så førebels er det heldigvis litt å ta av!

  • -
    avatar

    Gratulerer!

    Written by morsor 05.10.2014 19:46

    God følelse å komplettere et fylke.

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer!

      Written by bakken59 05.10.2014 23:12

      Er ikkje så dreven på den kjensla enda, dette var berre det andre! Men det manglar ikkje mykje i Buskerud og Vestfold heller. LAs rapporten din frå Elverum - gler meg til Hedmark!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.