Glittertind og Galdhøpiggen på ein dag! (12.08.1992)
Written by Kaare_70
Ascents | Galdhøpiggen (2,469m) | 12.08.1992 |
---|---|---|
Glittertinden (2,452m) | 12.08.1992 | |
Keilhaus Topp (2,355m) | 12.08.1992 |
Sommartur i Jotunheimen 1992, dag 4
Eg må ha «lege på otten» denne natta på Skautflya, for eg vakna grytidleg og åpna glidelåsen i ytterteltet med stor spaning; var det skyfritt og klart for toppforsøk på Glitetrtind eller ikkje? Ja, sanneleg slo vermeldinga til, og sjølvaste Galdhøpiggen skein imot meg i morgonsola på andre sida av Visdalen. Her derimot, var me endå i skuggen av Glittertind, og det var sjølvsagt rim på teltduken her på om lag 1500moh. Eg var som vanleg propell under slike forhold og helst klar for tur med det same, medan dei andre to vart liggande og dra seg i det uendelege. Men til slutt var alle vel oppe og klare for tur, og med ein lett sekk på deling sette me kursen for stortoppen. Og frå Skautflya er det ei 1000 hm dryg steinrøys til topps på nest høgaste fjellet i kongeriket, no nr. to óg medrekna den minkande breresten på toppen.
Det vart som venta drygt, men me hadde ingen grunn til å hasta på. Utsikten vart óg berre betre og betre, med panorama mot både Leirhø, Memuru- og Veotindane på andre sida av Skautflya og Galdhøpiggmassivet tvers over Visdalen. Eg var den ivrigaste og fekk toppskavlen først i syne. Dette var tredje 2000m-toppen min og den andre i år, etter at eg var aleine på Kyrkja for bare ein månad sidan. Det var derfor herleg å stå på toppkulen under så fine forhold, ikkje mindre magisk av skoddehavet som låg aust for oss og mange hundre høgdemeter lågare.
Dei andre to kom opp og var like nøgde, og etter obligatoriske toppbilder vart det tid til ein god matpause. Sidan me var så tidleg oppe og hadde så kort veg frå teltet Skautflya var me lenge aleine på toppen, men før me byrja på nedturen kom det óg andre til topps.
Vel nede ved teltet att pakka me saman og sette kursen mot Spiterstulen. Alt no byrja tanken om å nytta den fine dagen som ennå var ganske ung, og gjera eit hårete forsøk på Galdhøpiggen óg. Då me var vel nede ved hytta var det framleis tidleg ettermiddag og inga tvil om at me måtte gi denne manndomsprøven ein sjanse. Det var i alle fall kraft att i beina slik det kjendest ut, og med ein lett sekk på deling gjekk det radig oppover den gode stien.
Eg var på Galdhøpiggen med mor og far klassikaren frå Juvasshytta for fem år sidan, og det var like gildt å prøva denne andre klassikaren no. Fordelen med turen frå Spiterstulen er sjølvsagt at ein kan gå heilt fritt og utan guide, men det er ein særs dryg bakke og mykje steinrøys å forsera. Det var reint herleg å koma forbi Svellnosi og endeleg sjå Pigghytta bak Keilhaus topp, og til slutt euforisk å stå ved sikteskiva på 2469moh og sjå tvers over Visdalen tilbake på Glittertind.
Det var framleis sol her på toppen Norge, men heile returen til Spiterstulen gjekk sjølvsagt i kveldsskuggen. Vel nede att prøvde me å setta opp teltet like innanfor Spiterstulen, men nokon derifrå kom faktisk og «jaga oss» fordi me låg for nær hytta. Me visste ikkje om vernesona ved hytta då og vart både sinte og sure, stuptrøytte som me var etter 2500hm opp og 3000hm ned denne lange dagen. Men det vart til at me flytta med oss det halvt oppsette teltet til me var like forbi skiltet for vernesona. Dagen hadde uansett vore knall, så ikkje ein gong dette kunne øydelegga gleda.
User comments