Storgrovfjellet og Store Trolltind (16.09.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Stigrøra (840m)
Endpoint Stigrøra (840m)
Characteristic Alpine trip
Map
Ascents Stigfjellet (1,464m) 16.09.2014
Storgrovfjellet (1,629m) 16.09.2014
Sør for Storgrovfjellet (1,210m) 16.09.2014
Trollryggen (1,725m) 16.09.2014
Store Trolltinden (1,788m) 16.09.2014
Visits of other PBEs Bruraskaret (1,550m) 16.09.2014
Frokostplassen (1,315m) 16.09.2014
Stabbeskaret (1,431m) 16.09.2014

Gjekk frå Stigrøra i knallflott haustver. Godt merka sti til Frokostplassen og eg fulgte stien til Stigbotnvatnet. Derfrå gjekk eg opp på Storgrovfjellet og så til Frokostplassen. Mindre merkert sti og bratt og laus ur vidare bortover mot Bruraskaret og Trolltindane. I den brattaste fjellsida er stien tydelig igjen og ser stadvis ut til å vere innhogd i fjellsida.
Frå Bruraskret ser ein rett ned i den berykta Trollveggen som var populær for basehopping ein periode før hoppforbod blei innført i 1986 etter fleire ulukker/ redningsaksjoner. Vidare bortover var eg spent på å fine riktig renne opp til Store Trolltind. Det var uproblematisk for det var markert riktig renne og kom meg greit til topps.
Sat på toppen ei stund og beundra utsikten før eg gjekk ned igjen og tilbake et stykke før ny oppstigning til Trollryggen. Traversering av alle tindenålene var uaktuelt for meg så det blei ca 300 hm oppstigning iigjen for å koma opp på Trollryggen. Ned derfra var det alt blitt såpass mørkt at eg brukte lommelykt ned til Frokostplassen og tilbake til Stigrøra.
Kan etter denne dagen sjå tilbake på ein av mine absolutt mest opplevingsrike fjellturer.

Merka sti frå Stigrøra til Frokostplassen.
Merka sti frå Stigrøra til Frokostplassen.
Utsyn over Trollstigen og Isterdalen.
Utsyn over Trollstigen og Isterdalen.
Frå Storgrovfjellet mot Stigfossen.
Frå Storgrovfjellet mot Stigfossen.
Sørvestover mot Bispen og Kongen med Finnan bakanfor.
Sørvestover mot Bispen og Kongen med Finnan bakanfor.
Nordvestover mot Romsdalsfjorden i bakgrunnen.
Nordvestover mot Romsdalsfjorden i bakgrunnen.
Dei spektakulære Trolltindane med Store Trolltind i midten.
Dei spektakulære Trolltindane med Store Trolltind i midten.
Austover mot Breitinden.
Austover mot Breitinden.
Frokostplassen.
Frokostplassen.
Smal sti i den bratte fjellsida til Bruraskaret.
Smal sti i den bratte fjellsida til Bruraskaret.
Bruraskaret med Trollveggen t.h.
Bruraskaret med Trollveggen t.h.
Trollveggen med utsyn ned i Romsdalen.
Trollveggen med utsyn ned i Romsdalen.
Mellom 800 og 1000 loddrette meter ned Trollveggen.
Mellom 800 og 1000 loddrette meter ned Trollveggen.
Forbudsskilt mot hopping.
Forbudsskilt mot hopping.
Mange flotte tindenåler.
Mange flotte tindenåler.
Toppen av Store Trolltind.
Toppen av Store Trolltind.
Søraustover mot Breitinden med Romsdalen og Raumaelva t.v.
Søraustover mot Breitinden med Romsdalen og Raumaelva t.v.
Sørover med Breitinden t.v. og Stigbottshornet t.h.
Sørover med Breitinden t.v. og Stigbottshornet t.h.
Sørvestover med Finnan litt t.h. for midten.
Sørvestover med Finnan litt t.h. for midten.
Adelsbreen nord for Trolltindane
Adelsbreen nord for Trolltindane
Nordover mot bl.a Store Vengjetind.
Nordover mot bl.a Store Vengjetind.
Skugge frå Trolltindane på nordsida av Romsdalen.
Skugge frå Trolltindane på nordsida av Romsdalen.
Renna ned frå Trolltind.
Renna ned frå Trolltind.
Klyvepunkt i renna til Trolltind.
Klyvepunkt i renna til Trolltind.
På Trollryggen i kveldsmørket med konturen av Store Trolltind og med Åndalsnes nede t.h.
På Trollryggen i kveldsmørket med konturen av Store Trolltind og med Åndalsnes nede t.h.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.