Geitfjellet (13.09.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Geitfjellet (1,615m) 13.09.2014
Teinnosa (1,434m) 13.09.2014

Gjekk frå Korsmyra på merka sti vestover mot Gomsdalen. For å unngå ca 350 hm nedstigning til Gomsdalen gjekk eg i ein bue nordover mot Sleddalen. Det blei litt krattkrig her så det er nok ikkje så veldig mykje å vinne på denne omgåelsen av Gomsdalen. Runda Gomsdalen i nordvest på snaut 800 moh og gjekk videre vestover til sadelen aust for Storvatnet. Herfra var det bare å ta fatt på nordaustryggen mot pkt 1070 og videre bratt opp aust for punkt 1392. Så i litt slakere ur det siste stykket opp til Geitfjellet. Nokon mindre innstallasjoner på topplatået. Fin utsiktstopp men det låg dessverre ein del skyer nedpå fjella langs horisonten.
La returen bortom Teinosa og ned i Gomsdalen. Trimpost med bok på stølen ved punkt 626. Herfra var det heldigvis god sti opp igjen på austsida av Gomsdalen, men kjipe 370 hm stigning og 4 km videre tilbake til Korsmyra.

Veg eit kort stykke frå Korsmyra.
Veg eit kort stykke frå Korsmyra.
Inderste del av Geirangerfjorden mot Geiranger.
Inderste del av Geirangerfjorden mot Geiranger.
Utover Geirangerfjorden.
Utover Geirangerfjorden.
Mot Geitfjellet-massivet med Gomsdalen nede foran.
Mot Geitfjellet-massivet med Gomsdalen nede foran.
Liten varde på Geitfjellet.
Liten varde på Geitfjellet.
Teknisk installasjon på topplatået.
Teknisk installasjon på topplatået.
Utsikt nordaustover mot Eidshornet/ Geitfonnegga og det karakteristiske Skorene i bakgrunnen.
Utsikt nordaustover mot Eidshornet/ Geitfonnegga og det karakteristiske Skorene i bakgrunnen.
Austover mot Geitfonnegga der stien går i sørsida med utsikt ned i Geirangerfjorden.
Austover mot Geitfonnegga der stien går i sørsida med utsikt ned i Geirangerfjorden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.