Kveldstur til Mastrehaugfjellet (16.09.2014)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Start point Åsettjørni (750m)
Endpoint Åsettjørni (750m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 00min
Distance 5.2km
Vertical meters 286m
GPS
Ascents Mastrehaugfjellet (959m) 16.09.2014
Ved Mastrehaugfjellet
Ved Mastrehaugfjellet

Det flotte haustveret lokka Karin og meg på kveldstur på Seimsåsen. Turen vart ein kombinert tytebærtur og fjelltur utan hastverk. God sikt til fjellområda kring Årdal förde til taking av ein del nye bilete.

Etter å ha vore på høgaste punktet på Mastrehaugfjellet, oppdaga me på returen ein gamal, nesten attgrodd sti som eg ikkje har sett før.

Det betyr at retursporet på GPS syner der stien går. Kan tenka meg å merka denne stien betre, og i tillegg setta opp ein varde på toppunktet, noko som pr. i dag ikkje finst.

Frå parkeringsplassen ved Åsetetjørni og opp til varden på Biskaholten tek det vel ein halv time. Herfrå og bort til høgaste punktet på Mastrehaugflellet gjer ein fint unna på 20 min.

Tytebærfangsten vart 1,75 kg.

Ved Mastrehaugfjellet
Mastrehaugfjellet frå Åsetetjørni

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.