Rauma: Bispen, Kongen, Dronninga og Karitinden (13.09.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Trollstigen (700m)
Endpoint Trollstigen (700m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 40min
Distance 15.0km
Vertical meters 2,000m
Map
Ascents Bispen (1,461m) 13.09.2014
Dronninga (1,542m) 13.09.2014
Karitinden (1,353m) 13.09.2014
Kongen (1,611m) 13.09.2014

Denne helga hadde eg planar om eit par turar rundt Trollstigen, men då Janne kom i telefonen med turar i same området vart mine lagt på is så lenge. Det skulle bli eit artig turfølgje: Dei vidkjende Vognild-brødrene, Andreas, Joso, Brit Siv, Janne og meg. Fleire av desse hadde eg ikkje vore på tur med før. Kjøyrde rett etter jobb fredag. Kom til Trollstigen ca kl 1800 og parkerte ikkje langt frå ruta som er merka med skilt.

Bobil og Bispen. Dersom nokon ser denne er det berre å banke på!
Bobil og Bispen. Dersom nokon ser denne er det berre å banke på!

Ein telefon til Janne, ho kunne bekrefte at det hadde komt uventa utfordringar på vegen oppover. Sjølv om det er fleire hundre meter frå rundkjøyringa i Stryn til nærmaste sportsbutikk fekk shoppingnasene til damene teften av billeg dun. "Vi stoppa i Stryn og handla litt" sa Eikås. Eg kjenner lusa på gangen etterkvart og tok denne: "Ka fanken, har du kjøpt deg enno ei dunjakke?". Det vart ein skikkeleg gapskratt i andre enden. Ca 2000 kom dei og etter teltoppsetting og diverse vart det mat og vin i bobilen. Vi avslutta kvelden med framvisning av moteriktig dunbekledning på Trollstigen catwalk. Dei andre skulle vi møte laurdag morgon.

Trollstigen catwalk. Årets dunbekledning!
Trollstigen catwalk. Årets dunbekledning!

Etter ei helse- og komeigangmedpraten-runde kom vi oss avgarde frå Trollstigen ca 1000. Gjekk frå parkeringa ved senteret der det og er god sti oppover. Mykje folk tok laust omlag samtidig, så ikkje fare for å være åleine på desse populæra toppane. Tok enklaste rute til Bispen, vidare nordover mot Kongen. Gjekk ruta opp ryggen frå sør. Janne fekk ei veldig lei vridning i kneet ned frå Bispen, faktisk litt betenkt ei stund. Heldigvis hadde ein av Vognild-gutane med eit rikhaldig pilleutvalg. Dette hjelpte ho heile dagen. Frå Kongen såg vi mot neste topp, Dronninga. Her var det 2 turfølgjer oppom medan vi tok pause. Tok ruta nedover mot Kongskneet. Før denne tok vi ned i renna og opp på kanten på andre sida. Her er det varda nordover i sida vest for Dronninga. Heilt ok å gå. Etterkvart bratt opp mot ryggen nord for Dronninga. Eit lett klyveparti rett før toppen. Hadde no veldig lyst å fullføre heile ryggen nordover med Karitinden. Skilde lag med dei andre og avtalte å møtast ein plass seinare på dagen. På returen møtte eg med ein gong Vognild-gutane som hadde gått litt i førevegen. Ein av dei sleit med eit vondt knø (les kne) Dette knøet hadde plaga han lenge, men det gjekk bra nedover. Kom tilbake til senteret ca 1740. Det vart forferdeleg lenge å vente på dei 4 siste. Eg frykta at det var knøet til Janne som hadde slått seg heilt vrangt. kl 2000 fekk eg svar i telefonen og rett etter kom dei, 2,5 timar etter oss. Fristelsen hadde sjølvsagt blitt for stor for dei og, Karitinden måtte til pers. Generelt mykje knøproblem i turfølgjet då Brit Siv og sleit med eit av sine knø. Då var det berre å kjøyre til Åndalsnes for sosialt samvære på hotell Bellevue. Eg campa sjølvsagt i bilen. Neste dag usikker, men bra vart det!

User comments

  • -
    avatar

    Konger og dronninger på rekke

    Written by otto 16.09.2014 22:28

    Regner med du hadde kontroll på turfølget. Disse oppdalingene vet man ikke helt hvor man har i terrenget.!

    • -
      avatar

      Knø og pæsj

      Written by boven 16.09.2014 22:41

      Det er iallefall lenge sidan eg har flira så mykje på tur, for eit humør på desse karane!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.