Storhornet og Leirvasshornet (29.08.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Leirvasshornet (1,533m) 29.08.2014
Pottdalsegga nord (1,052m) 29.08.2014
Storhornet (1,310m) 29.08.2014

Fra Rødsetstølen i Strandamoldskreddalen sykla eg ned til Mesætra der eg gjekk over bru over Moldskreddøla på stedvis utydelig sti opp gjennom bjørkeskogen. Over skogen gjekk eg opp sørsida til Storhornet. Varde med bok her og flott utsikt over til Stranda. Fulgte så god sti ned til Samfunnskaret. Her er det merka sti opp frå Habostadsætra. Eg gjekk derimot videre sørover på austsida av Pottdalsvatnet og så vestover på sørsida av vatnet og i underkant av nokre brear som går ned til ca 1100 moh. To av breane er ikkje innteikna på kartet. Kom meg så over til vestsida av Leirvasshornet og derfrå greit til topps. Nordaustryggen til Leirvasshorent har eit styggbratt parti som eg ikkje tok sjansen på å gå opp. På det austvendte topplatået er det ein bre som heller ikkje synes på kartet. Gjekk så sørvesteggen nedover og her var det fleire plasser naudsynt å omgå eggen på aust eller vestsida. Meste nede ved skaret mot 1390-toppen kom det vanskeligste punktet på denne turen. Ein fleire meter høg loddret hammer måtte forseres. På søraustsida var det ei alt for bratt renne, mens det på nordvestsida var eit for bratt mosegrodd sva med stup nedanfor. Klatra derfor ned hammeren og det var her ei kilt steinblokk som heldigvis sørga for at eg hadde gode tak med hendene. Pusta letta ut då eg var nede her og kunne ta fatt på nedstigninga mot Tverrdalen og så på sti det siste stykket til Rødsetstølen. 10t rundtur i flott seinsommarver men litt tilskyande i sør utover dagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.